Hopp til innhold

Kjempar om E39

Medan politikarane har bestemt at ein skal gå inn for ferjefri E39, kjempar aktørar på Sunnmøre framleis om kvar traseen skal gå. No argumenterer Fefast-tilhengjarane med at deira alternativ er det mest miljøvennlege.

På Sunnmøre er det uenighet om traseen til en fergefri E 39. Kampen stør mellom om Storfjorden skal krysses mellom Hareid og Sula eller mellom Festøy og Solevåg. Tunge aktøra har peika ut Hafast, men Fefast-tilhengerane mener å ha gode kort på hånda.

Meiner Fefast er meir miljøvennleg enn Hafast

På Sunnmøre er det framleis ueinigheit om traseen til ein fergefri E 39. Kampen står om Storfjorden skal kryssast mellom Hareid og Sula eller mellom Festøy og Solevåg.

Tunge aktørar har peika ut Hafast, men Fefast-tilhengjarane meiner å ha gode kort på hånda.

– Legg for lite vekt på reisetid

Styreleiar i Fefast, Paul Kristian Hovden, hevdar at Fefast er eit mykje betre alternativ enn Hafast med tanke på miljøet.

– For dei fleste som skal reise på aksen Kristiansand-Trondheim, vil avstanden verte 15 kilometer lengre dersom ein vel å bygge ut Hafast i staden for Fefast.

Paul Kristian Hovden

Paul Kristian Hovden engasjerer seg for at framtidige E39 skal gå om Festøya.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Les også:

Hovden meiner fylkestinget og NHO har lagt for lite vekt på reisetid når dei vurderer dei to alternativa.

– Jobben tek fleire år

Eiksundtunnelen er eit av argumenta for at E39 skal gå gjennom via Hareid mot Ålesund, men det meiner Hovden ikkje er reelt.

– Eiksundtunnelen er ikkje god nok som framtidig stamvegløysing i det heile tatt. Då måtte ein ha bygd eit nytt og paralellt løp og det vil ha store ekstraomkostnader.

Tunge aktørar i politikk og næringsliv har peika ut Hafast, men blant fagfolk i vegvesenet har Hovden funne støtte for Fefast.

Les også:

Nærare ei avklaring kan dei kanskje kome i Nasjonal Transportplan som kjem i april.

– At det kjem ei endeleg avklaring då, vil tida vise, men eg trur dette er noko ein må jobbe med over fleire år, så vi vil halde fram med å halde saka vår varm.