Hopp til innhold

Fryktar at Nordmøre blir utkant

I dag diskuterar formannskapet i Kristiansund om dei skal gå til Trøndelag. Fire nordmørsordførar er sterkt provosert. Dei meiner regiondebatten må avlysast.

Ståle Refstie Sunndal (AP), Knut Sjømæling Gjemnes (SP), Ingrid Ovidie Rangønes Ordfører i Averøy (A

Her samla på Tingvoll brygge - Ståle Refstie Sunndal (AP), Knut Sjømæling Gjemnes (SP), Ingrid Ovidie Rangønes Ordfører i Averøy (AP) og Milly Bente Nørsett fra Tingvoll (AP)

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Skal Nordmøre høyre til Trøndelag eller Møre og Romsdal? Det er det store spørsmålet som fører til ein oppheita debatt.

Kristiansund har gjort vedtak om at dei ynskjer å gå nordover saman med fleire andre nordmørskommunar. I dag tar formannskapet stilling til om dei skal gå vidare i prosessen, eller stoppe.

Fylkestinget har gjort vedtak om at Møre og Romsdal bør vere eigen region. Det meiner også ordførarane frå Sunndal, Averøy, Tingvoll og Gjemnes. Dei åtvarar om å splitte Nordmøre og fryktar at dei vert ein utkant dersom delar av Nordmøre endar i Trøndelag.

– Vi ynskjer å kome med eit klart signal til Kristiansund som skal behandle saka i dag, at vi ynskjer å avblåse regiondebatten, seier ordførar Knut Sjømæling (Sp) i Gjemnes. Han er forundra over at Kristiansund tar ei så aktiv rolle og søker seg mot Trøndelag.

LES OGSÅ:

Dårleg løysing

Tingvollordfører Milly Bente Nørsett (Ap) vil kjempe for Kristiansund, Nordmøre og Møre og Romsdal. Ho meiner at alt det gode ein har bygt opp, ikkje bør øydeleggast. Før formannskapsmøtet i Kristiansund, hadde dei fire ordførarane eit pressemøte, der dei gjorde greie for sitt syn i saka.

– Eg ville minne Kristiansund om at det alternativet dei kanskje landar på no, er ei dårleg løysing for regionen, seier Ingrid Ovidie Rangønes, ordførar i Averøy (Ap). Ho viser til den uavhengige rapporten som seier at det dårlegaste for Nordmøre som region er å gå til Trøndelag.

Ingen sure miner

Ståle Refsti meiner at Nordmøre er i ein god posisjon for å få til ting, og at ein ikkje må stå på staden kvil og ynskje seg bort.

– Heile debatten har dreidd seg om kvifor vi skal til Trøndelag. Slik vi ser det er det ingen vektige grunnar til at vi skal dit, seier Refstie. Han minner om at kommunane sør for Halsafjorden har vore klinkande klare på at dei ikkje ynskjer å skifte region.

Ordførarane synest ikkje dei er for seint ute med bodskapen.

– Vi har halde oss i ro og latt trøndelagstilhengarane få jobbe og vi har respektert haldninga dei har. No når høve byr seg, må vi få lov til å seie vår meining, seier Rangønes. Ho seier at det er heilt greitt uansett kva vedtak formannskapet i Kristiansund gjer. Det skal ikkje vere sure miner frå deira si side.