Hopp til innhold

Kjempar mot småkraftverk

Naturvernarane vil ikkje ha nye småkraftverk i Volda.

Bjørkedalen

BJØRKEDAL: Naturvernforbundet har ikkje sans for at NVE tillet to nye småkraftverk i Bjørkedalen.

Foto: Marianne Meek Bjørkedal

Sist månad gav NVE løyve til utbygging av småkraftverk i Øygardselva og Laurdalselva i Bjørkedalen i Volda.

Det syntest ikkje Naturvernforbundet noko om.

Unikt område

- Dette er sideelver til Stigedalsvassdraget. Desse sideelvene renn over eit veldig sjeldant naturområde, seier leiar Knut Festø i Naturvernforbundet i Ørsta og Volda.

Difor har dei klaga vedtaka inn til Olje- og energidepartementet.

Dei meiner at utbyggingane vil skje i eit område som er unikt, og er kritiske til at NVE gir løyve til utbygging i eit verna vassdrag.

Vil ikkje ha omkampar

- Når noko er komme innunder varig vern, trudde me at det betyr varig vern. Me er veldig lite stemt for slike omkampar, seier Festø.

Naturvernforbundet meiner utbyggingane vert for store og at det no er få vassdrag igjen i Volda som er urørde.

- Betyr for lite

Festø meiner ikkje det er formildande at småkraftverka produserer fornybar energi.

- Slike små kraftverk betyr lite for den totale energisituasjonen. Då burde me heller sjå på korleis me kan utnytte eksisterande kraft betre, og korleis me kan redusere forbruket.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL