Hopp til innhold

Kjempar mot lakselus på Nordmøre

Truleg må opp imot ni millionar laks tvangsslaktast på Nordmøre no i haust på grunn av lakselus.

Lakselus

Illustrasjonsfoto: Store mengder oppdrettslaks må slaktast på Nordmøre.

Foto: Marit Hommedal / Scanpix

Eit mindretal av oppdrettsanlegga på Nordmøre greier å ha kontroll på lakselusa. Dei fleste må slakte all fisken før tida.

Spesialinspektør Aud Skrudland er imponert over dei opprettarane som greier å ha kontroll når smittepresset er så stort som no.

– Det viser at det er mogleg å handtere ein veldig krevjande situasjon med målretta arbeid utan bruk av medikament. Det er svært viktig for framtida til oppdrettsnæringa, seier ho.

Leppefisk er eit viktig verkemiddel

Aud Skrudland

Spesialinspektør i Mattilsynet Aud Skrudland seier ho er imponert over dei oppdrettarane på Nordmøre som greier å ha kontroll når smittepresset frå lakselus er så stort som det er no.

Foto: Anne-Mari Flatset / NRK

Skrudland fortel at det er mykje storlaks på Nordmøre no, og fleirtalet av oppdrettsanlegga har ikkje lukkast med å få kontroll på lakselusa. Men nokre får det likevel til. Å ta vare på leppefisken har vist seg å vere viktig i forhold til å overvinne lakselus.

– Det vi ser er at ei som lukkast brukar leppefisket på ein riktig måte. Dei er nøye med reinhald av nøtene slik at leppefisken eter lus på fisken og ikkje et det som veks på nøtene, seier Skrudland.

– I tillegg har dei eigne folk som tek seg av leppefisken, steller den og gir den det den treng for å trivast og ete lus, held ho fram.

Stort arbeidspress

Det nystarta selskapet Purefarming på Averøya, har kontroll så langt, men driftsleiar Einar Inge Seljehaug seier det er grunn til å vere audmjuk. Ingen kan vere sikre slik som det er no, meiner han.

Einar Inge Seljehaug

Einar Inge Seljehaug er driftsleiar i nystarta selskapet Purefarming på Averøya,

Foto: Anne-Mari Flatset / NRK

– Det er stort arbeidspress og mykje å følgje med på, så vi håpar at vi greier å halde det slik utover hausten. Det er veldig synd for alle at det blir tvangsslakting, seier Seljehaug.

– Vi kjempar alle for det same, nemleg å få lusefri fisk. Vi har veldig godt samarbeid innanfor oppdrettsnøringa og delar erfaringane våre for å hjelpe kvarandre, held han fram.

Lakselus er ein av dei største utfordringane til oppdrettsnæringa, og ved Purefarming på Averøya har dei sett i gang ein rekke tiltak for å halde lusa unna.

– Vi har blant anna brukt mykje leppefisk som et lusa og skjørt som dekker dei øvste fem meterane av laksemerdane og hindrar lusa i å nå laksen. Vi har også stort fokus på reinhald og reins av fisken, seier Seljehaug.

Til trass for at dei har klart å unngå dei store tvangsslaktingane så langt, følar han seg likevel ikkje trygg.

– Vi er spent på situasjonen. Det er framleis høge temperaturar i sjøen, og vi slappar ikkje av før fisken er slakteklar. Tvangsslaktinga betyr mykje økonomisk, ikkje minst for arbeidsplassar. Dersom det fører til permitteringar over lengre tid kan det bli tungt for folk, seier Seljehaug.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL