Hopp til innhold

Kjempar i retten mot dagbøter for 20 år gamal mur

Per Kåre Johnsen går no til rettssak mot Molde kommune etter å ha fått dagbøter på 350 000 kroner. Kommunen hevdar Johnsen sette opp ein ulovleg mur for 20 år sidan, og vil no rydde opp.

Per Kåre Johnsen

Per Kåre Johnsen vil ikkje fjerne muren og steintrappa i bakgrunnen. Han fekk sett det opp i 1997 og 1998, og meiner det ikkje er til sjenanse for nokon.

Foto: privat

Tysdag startar rettssaka i Molde tingrett etter at Per Kåre Johnsen nektar å fjerne muren, betale dagbøtene eller søkje om dispensasjon frå Plan- og bygningslova. Kommunen held fast på at den 20 år gamle muren til Per Kåre Johnsen ikkje er lovleg sett opp, og privatiserer strandsona i Molde.

Per Kåre Johnsen ved muren

Kommunen hevdar Per Kåre Johnsen har privatisert strandområdet i Molde, ved å setje opp mur, trappetrinn og ein peis. Johnsen hevdar arbeidet hans tvert om har gjort området meir tilgjengeleg for ålmenta.

Foto: privat

Johnsen syns det er merkeleg at kommunen reagerer så lenge etterpå.

– Eg meiner saka er forelda. Det er ikkje noko å snakke om lenger, eg skjønar ikkje at kommunen gidd, seier Johnsen.

Kan ikkje svare på kvifor åra har gått

I 1997 starta arbeidet med ein mur, trappetrinn, platting og peis i strandkanten nedanfor huset i Kringstadvegen. Allereie året etter sende kommunen eit brev der dei varsla at arbeidet var i strid med reguleringsplanen, og så omfattande at det måtte søkjast etter Plan- og bygningslova. Men så høyrde ikkje Johnsen meir, og seier han oppfatta at alt var greitt. Så gjekk det nesten 20 år.

Enhetsleder for byggesak i Molde kommune Aleksander Aasen Knudsen

Einingsleiar Aleksander Aasen Knudsen seier kommunen ikkje kan velje å droppe saka når dei først har blitt klar over situasjonen.

Foto: Gunnar Sandvik

– Vi har ikkje noko godt svar på kvifor den saka har blitt liggande så lenge. Det er berre å beklage, det er ikkje normalt at slikt skal skje, seier einingsleiar Aleksander Aasen Knudsen i Molde kommune.

Hevdar dei har plikt til å reagere

Knudsen vedgår at det er uvanleg å ta opp igjen ei så gamal sak, men seier kommunen ikkje kan la saka ligge når dei først har blitt merksame på den.

Giro med dagbøter

Her er fakturaen som kom over dagbøter for november 2016. Molde kommune skriv ut daglege dagbøter på 1000 kroner til Per Kåre Johnsen. Etter snart eitt år, har det blitt 350 000 kroner.

– Det er ikkje slik at ting blir lovleg innanfor plan- og bygningsretten sjølv om det går lang tid. Dersom det var ulovleg den gongen, er det framleis det. Vi er då pliktige å følgje det opp, slik vi ser det, og då må vi be vedkomande om å søkje om det om han har gjort, seier han.

Men Johnsen vil ikkje søkje om dispensasjon frå Plan- og bygningslova. Han meiner saka er forelda, ikkje kravde slik behandling for 20 år sidan og heller ikkje i strid med reguleringsplanen.

I retten mot regjeringsadvokaten

Verken kommunen eller Fylkesmannen har blitt samde med Johnsen, og tysdag møter han i retten med advokat. På andre sida av bordet sit regjeringsadvokaten på vegner av Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Johnsen meiner han har gode kort på handa.

– Eg veit at kommunen har store bunkar med papir som skal behandlast. Men dersom det var eit krav, så må dei jo følgje opp før det går 19 år, i alle fall gje eit lite hint, seier Johnsen.

Huset til Per Kåre Johnsen

Det er arbeidet som er gjort i strandkanten her i Kringstadvegen som no hamnar i retten. Arbeidet starta i si tid etter at strandlinja blei rasert etter orkan.

Foto: privat