Hopp til innhold

Kjempar for Globalskulen

Globalskulen står i fare for å måtte legge ned, men rektoren og støttespelarar har ikkje gitt opp kampen.

Lærere ved Globalskolen

Lærarar ved Globalskulen, som har base i Volda.

Foto: Globalskolen.no

Tilbodet er godkjent og har vore delfinansiert av Utdanningsdirektoratet. Men no er det ikkje løyvd pengar på årets forslag til statsbudsjett.

Sidan 1998 har Globalskulen med hovudsete i Volda vore eit nettbasert tilbod til norske skuleelevar som oppheld seg i utlandet.

– Tusenvis av elevar har fått viktig undevisning dei ellers ikkje hadde fått, fortel rektor Lilli Brenne Røv, som i dag troppar opp på Stortinget.

Der skal ho møte med representantar frå både Framstegspartiet, Senterpartiet og truleg Sosialistisk Venstreparti. Rektoren vil då forklare politikarane konsekvensane av budsjettforslaget.

Undervisning i særnorske fag

Lilli Brenne Røv - rektor ved Globalskolen

I dag møter rektor Lilli Brenne Røv fleire av Stortingspolitikarane.

Foto: Globalskolen.no

– Ungar i grunnskulealder som bur i utlandet mistar tilbodet om å få utvisning i norsk, samfunnsfag og KRLE via nettet, slik vi gjer no. Dette er dei tre norske særnorske faga som dei går glipp av mens dei bur i utlandet.

Ifølgje Brenne Røv gjer dette at mange ungar får lære å lese og skrive i Globalskulen, slik at dei klarer seg fint når dei flyttar heim igjen.

Rektoren fortel om eit stort engasjement frå foreldre, bedrifter og organisasjonar som ønskjer at det framleis skal vere liv laga for skulen. Foreldrerepresentantar har levert minst 2500 underskrifter på Stortinget til støtte for Globalskulen.

Skulen har omlag 1400 elevar per semester, og for kvar elev er det sju tusen kroner i støtte.

– Ordninga har gradvis blitt kutta, men vi meiner at dei kronene som blir brukte er vel anvendte pengar. No må eg berre ha håpet om at politikarane ser det same.