Kjempar for flyrute til Trondheim

Næringslivet og kommunane på Søre Sunnmøre vil ha flyrute frå Hovden til Værnes.

Ørsta- Volda lufthamn, Hovden.
Foto: Ørsta-Volda lufthamn

På kommunane sine heimesider er det lagt ut spørjeskjema som skal registrere behovet for ei slik flyrute. Og responsen har vore god.

Stor interesse

Omlag 90 bedrifter og vel 650 privatpersonar har sagt seg interesserte i ei flyrute mellom Hovden og Værnes . Dette er bra, seier dagleg leiar ved næringskontoret i Ørsta, Martin Foldal.

- Det er som venta og kanskje litt meir enn det, men vi veit jo også at det har vore "Facebook-aksjonar" for å få til ei slik rute, seier Foldal.

Vekst

Flyplassen har hatt enorm vekst etter at Eiksundsambandet opna og særleg næringslivet på Søre Sunnmøre foretrekkjer å reise via Hovden i staden for Vigra.

Førebels er det ikkje klart om ruta skal gå direkte frå Hovden til Værnes, eller om den også skal gå via Molde.

- Førebels avventar vi kva folk ønskar, seier Foldal.

Når "høyringsfristen" går ut om eit par veker, vil næringskontoret levere listene til aktuelle flyselskap.