Hopp til innhold

Kjempar for fiskarane

Talet på fiskarar går ned og det same gjer talet på medlemmar i Norges Fiskarlag. No kjempar fiskarlaget for at folk skal velje fiskerinæringa.

Torskefiske

2013 har vore eit vanskeleg år for siakerinæringa, spesielt for torskefiskarane.

Foto: Colourbox.com

Utfordringane i fiskerinæringa er det store diskusjonstemaet når fiskarar frå heile Møre og Romsdal møtest i Kristiansund i helga.

– Fiskerinæringa slit med det høge kostnadsnivået norsk økonomi har fått som følgje av oljenæringa, seier dagleg leiar i Møre og Romsdal Fiskarlag, Ole Morten Sorthe.

Tungt år for fiskerinæringa

Ole Morten Sorthe

Dagleg leiar i Møre og Romsdal fiskarlag, Ole Morten Sorthe, seier fiskerinæringa kjem til å få store utfordringar i åra som kjem.

Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll / NRK
Årsmøte Møre og Romsdal Fiskarlag

Knut Korsbrekke frå Havforskningsinstituttet held tale til dei frammøtte på årsmøtet til Møre og Romsdal Fiskarlag i Kristiansund.

Foto: Jan-Erik Indrestrand/Norges Fiskarlag
Per Jan Kvalsvik og Kjell Ingebrigtsen

Styreleiar i Møre og Romsdal Fiskarlag, Per Jan Kvalsvik (t.v.) saman med nyvald leiar i Norges Fiskarlag, Kjell Ingebrigtsen, på årsmøtet i Kristiansund.

Foto: Jan Erik Indrestrand/Noregs Fiskarlag
Pål Farstad (V) og Jan Skjærvø

Stortingsrepresentant Pål Farstad (V) tek også del i Møre og Romsdal Fiskarlag sitt årsmøte. Her er han saman med generalsekretær Jan Skjærvø i Norges Fiskarlag.

Foto: Jan-Erik Indrestrand/Noges Fiskarlag

For 98 gong er Møre og Romsdal samla til årsmøte. Året fiskarane snart legg bak seg har vore tungt og mange i fiskerinæringa er bekymra for framtida.

– Vi ønskjer å vere med på å påverke framtida til fiskarane, difor er det er viktig for oss å møtest for å stake ut kursen for åra som kjem, seier Sorthe.

Den høge torskekvota, kombinert med ei finanskrise på viktige marknadar, har sendt torskeprisane rett ned, og dermed også løna til desse fiskarane, fortel fiskarlagsleiaren.

– For dei som er i kvitfisksektoren har det vore mykje arbeid for lite løn i året som har gått. Vi har slite med prisane spesielt på torsk det siste året.

Les også:

Treng fleire fiskarar

Skal ein klare å konkurrere om den beste arbeidskrafta, må inntektene til fiskarane opp og fiskerinæringa må verte meir effektiv. Men med ei oljenæring som er prisdrivande, har Noreg eit høgt kostnadsnivå.

– Det gjer at fiskarane må vere konkurransedyktige både når det gjeld kostanader og løn, seier Sorthe.

– Vi i fiskerinæringa må kjempe om gode arbeidstakarar og tilby gode løner. Det er ei stor utfordring.

Sjølv om fiskerinæringa slit, håper Sorthe at Møre og Romsdal fiskarlag kan vere med på å få fleire til å velje fiskaryrket.

Og eit eige fiskarlag er heilt nødvendig for å behalde ei sterk fiskerinæring, meiner han.

– Vi får gjennomslag for veldig mykje av ønskja og krava våre for å skape ei god næring.

Les også:

Utfordrande

Åra framover ser ut til å verte minst like utfordrande for fiskarane som året som har gått.

– Hovudutfordringane framover vert korleis vi kan forvalte fiskeressursane våre på ein god måte og korleis vi skal omsetje dei til gode verdiar til ein marknad somønskjer trygg norsk sjømat.

Møre og Romsdal fiskarlag vil gjere sitt for å nå desse måla.

– No skal vi diskutere kva som vert viktig for fiskerinæringa og korleis vi skal organisere oss på lokalnivå og fylkesnivå for å få fram meiningane til fiskarar i Møre og Romsdal på ein god måte.

Les også:

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL