Bestemor held teppe og smukkar etter barnebarnet ho saknar
Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Kjempar for å få sjå barnebarnet

  • Avviser bestemora sitt krav

    Advokaten til barnevernet i kommunen, Frode Lauareid, meiner foreldra har så mykje kontakt med barnet sitt, at ikkje bestemora kan krevje samvær i tillegg. Lauareid sa i Høgsterett også at bestemora får vere med på desse møta, og difor ikkje har behov for eige samvær. Foreldra til barnet i fosterheim er no på tre timar, seks gongar i året. Ei bestemor på Sunnmøre kjempar for retten til å sjå barnet, som blei akuttplassert i fosterheim då ho var 3 månader gamal.

    Frode Lauareid
    Foto: Privat
  • – Klar rettsutvikling

    Også advokaten til foreldra, Halvard Helle, ba i dag om at bestemora får rett til å møte barnebarnet. Foreldra ser barnet sitt tre timar seks gongar i året. Helle meiner det har skjedd ei klar rettsutvikling dei siste åra der den bioloigiske familien har fått større rett til samvær med barn i fosterheimar. Den europeiske menneskerettsdomstolen har dei siste åra flerie gongar felt norske styresmakter for brot på menneskerettane i barnevernssaker.

    Halvard Helle
    Foto: Runar Henriksen Jørstad / NRK
  • Ba på nytt om samvær for bestemor

    Advokaten til bestemora som kjempar for å treffe barnebarnet sitt, Harald Grape, ba på nytt i dag om at ho får rett til å treffe henne. Advokaten la i formiddag ned påstand i Høgsterett om at bestemora skal ha rett til å få kravet sitt behandla av fylkesnemnda, som avgjer kven som har rett til å få sjå barnet. I dag har bestemora ingen slik rett, og har tapt saka både i tingretten og lagmannsretten. Barnebarnet har budd i fosterheim i seks år.

    Advokat Harald Grape
    Foto: John Inge Johansen / NRK
  • Kjempar for å få sjå barnebarnet

    Høgsterett skal i dag avgjere om ei bestemor på Sunnmøre kan krevje å få sjå barnebarnet sitt, som har flytta i fosterheim. Barnevernet har tidlegare kome til at barnet ikkje kan bu heime, og at foreldra skal sjå henne berre nokre få gongar i året.

    Bestemora meiner at også ho har krav på å få treffe barnet, men tapte saka både i tingretten og lagmannsretten. Dersom bestemora vinn fram, vil det kunne få konsekvensar også for andre besteforeldre ved at dei kan få dei same rettane.