Kjempar for å få sjå barnebarnet

Høgsterett skal i dag avgjere om ei bestemor på Sunnmøre kan krevje å få sjå barnebarnet sitt, som har flytta i fosterheim. Barnevernet har tidlegare kome til at barnet ikkje kan bu heime, og at foreldra skal sjå henne berre nokre få gongar i året.

Bestemora meiner at også ho har krav på å få treffe barnet, men tapte saka både i tingretten og lagmannsretten. Dersom bestemora vinn fram, vil det kunne få konsekvensar også for andre besteforeldre ved at dei kan få dei same rettane.