Hopp til innhold

Kjempa seg tilbake frå kreftsjukdomen, men går no av som ordførar

Etter eit halvt år borte frå ordførarstolen kjempa sunnmøringen Arnulf Goksøyr seg tilbake etter å ha fått behandling for ein aggressiv blodkreftvariant. For han vart gode samtalar med kreftlegar avgjerande for å kome tilbake til jobb og kvardag.

Arnulf Goksøyr sjuk

Her er Arnulf Goksøyr (56) på sjukehuset under ei behandling for kreftsjukdomen i 2017. Ein aggressiv variant av blodkreft.

Foto: Privat

Det er tidleg i juli 2017. Arnulf Goksøyr har travle dagar som ordførar. Som alltid. Han har hatt noko flimmer for auga, og er uroa.

– Eg var med lege for å sjekke om eg hadde krystallsjuke. Eg fekk smerter bak i hofta og hadde usedvanleg dårleg kondis. Etter kvart vart det påvist at eg hadde ein aggressiv blodkreft som kravde umiddelbar behandling.

Dette var tøffe tak for ein aktiv kar som Arnulf. Men han tenkte at dette måtte han berre gjennom.

– Eg er i utgangspunktet ein roleg type, så det skal litt til å vippe meg av pinnen. Viss du spør andre så vil dei nok seie at dette tok eg med fatning, og hadde hovudet på rett plass. Eg er så heldig at eg er gift med ein kreftsjukepleiar og det var til stor hjelp for meg at ho har denne kompetansen. Eg trur ikkje eg anar heilt kor stor hjelp det var.

– Då du starta behandlinga, kva tenkte du i forhold til når du skulle vere tilbake i jobb?

– I starten er du i eit vakuum, og tenker at det ikkje finst eit einaste håp i verda, men så startar behandlinga og ein får eit lite håp likevel. Eg fekk beskjed om at eg kom til å verte sjukmeld i eit halvt år, men sa at det ville eg forhandle på og ville ikkje godta meir enn tre månader. Dette gjekk dei med på. No vart det eit halvt år uansett, men det å ha noko å strekke seg mot var viktig for meg.

Arnulf Goksøyr sjuk

Arnulf under behandling på sjukehus.

Foto: Privat

Arnulf Goksøyr kom tilbake i halv stilling etter seks månader, og for han var dette utruleg viktig.

– Eg snakka med ein av dei viktigaste behandlarane mine, professor Anders Waage, som har drive med kreftforsking i 35 år. Og eg sa til han; trur du at du ser inn i auga på ein som vil bli uføretrygda? Kreftlegen berre smilte, og han gav meg det vindauget eg trengde for å kunne «gle meg» til behandlinga, at der var håp.

Viktig kommunikasjon

Og professor og overlege Anders Waage (71) ved St. Olavs hospital stadfestar kor viktig kommunikasjonen er mellom lege og pasient. Sjølv er han no delvis pensjonist, men har altså 35 års røynsle sidan starten av 1980-talet.

Anders Waage

Anders Waage er professor og overlege ved avdeling for blodsykdommer ved St. Olavs Hospital i Trondheim.

Foto: Stein Roar Leite / NRK

– For dei som kjem i ein slik situasjon er det nærast ein katastrofe der livet endrar seg totalt på svært kort tid. Ofte kjem sjukdomen brått og uventa. Kvar enkelt pasient må sjølv finne ut av korleis ein vil takle kreftsjukdomen, men for oss er det viktig å kunne gje pasientane eit håp, så sant det er eit aldri så lite lys i tunnelen. Vi lyg aldri, men er det dårlege utsikter, seier vi det berre ein gong. Det er ikkje noko vi tek opp att. Vi må seie det slik det er, men det er avgjerande korleis ting vert sagt.

Waage seier det er svært viktig for pasientane å ha eit mål å sjå fram mot. Som i Arnulf Goksøyr sitt tilfelle var ein del av dette målet å kome seg tilbake i arbeid så snart som råd.

Gøymde meg ikkje

Då Arnulf kom tilbake i jobb hadde han ingen planar om å gøyme seg bort. Det hadde han heller ikkje gjort dei gongane han var heime på permisjon frå sjukehuset.

Arnulf Goksøyr med barnebarn

Kos med eit barnebarn kan vere den beste medisin som finst.

Foto: Privat

– Eg møtte folk dagleg på jobb og butikk då eg kom tilbake på nyåret i 2018. Folk smilte og var glade for at eg var på beina igjen. Det å vere så synleg som eg er som ordførar er berre eit pluss for meg. Eg trur kanskje eg gav kreftsjukdomen eit ansikt for mange. Det var fleire som kom bort til meg, kviskra meg i øyret at dei også hadde kreft. Eg trur folk sette pris på openheita mi.

– Kreft er ofte knytt opp mot død og elendigheit, så om ein får fram nokre «gladsaker» i form av nokon som har overlevd, så tenker eg at det har sin misjon.

Men det å kome tilbake i ei 50-prosent stilling som ordførar er litt spesielt, meiner Herøy-ordføraren.

– Ein greier ikkje å vere berre 50 prosent ordførar, ler Arnulf. Sånn er det berre. Ordførar er noko du er på heiltid, men fysiske avgrensingar gjorde at det var greitt at eg var delvis sjukmeld på den tida.

Arnulf Goksøyr opplevde seinhausten 2017 ein spesiell episode som han vil dele.

– Eg var heime og gjekk gjennom ein ganske så beinhard tablettkur, og var ute blant folk. Mellom anna bestilte eg noko kjøt med ein kar. Då han kom på døra med kassene starta eg å grine utan at eg forstod kvifor. Eit par dagar var det slik at eg lo og grein og vart sint utan at eg forstod kvifor. Då ringde eg legen i Trondheim og lurte på kva som skjedde. Ho svarte at etter 10 dagar med denne harde tablettkuren «kjem det eit kvart opp i hovudet på folk». Rett og slett ein biverknad av medisinen, forklarer Arnulf. Men det var så gale at eg ikkje kjende att meg sjølv.

Ny runde med sjukdom

Men Arnulf Goksøyr opplevde nye nedturar etter behandlinga for kreft i 2017 vart avslutta.

Våren 2018 fekk han blodpropp opp mot hovudet.

– Det var då eg fekk «hamstertryne» som følgje av behandlinga, seier Arnulf, og viser fram nokre av bilda han har lagra på telefonen sin. På dette tidspunktet var han nesten ferdig med dei tunge kreftkurane.

For berre nokre månader sidan fekk Arnulf påvist magesår, og for nokre veker sidan ramla immunforsvaret hans ned på null. Legane meiner dette skuldast biverknader av medisinane.

Arnulf Goksøyr under behandling

Arnulf Goksøyr under behandling i mai 2018. Medisinar gjorde at han ikkje var til å kjenne att.

Foto: Privat

Han kom seg tilbake på jobb etter den tøffe sjukdomen, men gir seg likevel som ordførar etter 16 år på rad.

– Sjukdomen er i alle fall ei sabla god unnskyldning for å seie at eg ikkje vil meir i politikken. Men eg trur det ville vere rett av meg å gi meg uansett, uavhengig av sjukdomen.

To år etter kreftdiagnosen er Arnulf Goksøyr rimeleg optimist. Han kjenner at han vert «vaknare og vaknare» om morgonen. No skal han pleie helsa etter 24 år som politisk aktiv, seksten av desse som ordførar, men kan han kome tilbake nokon gong i politikken?

– Eg sa at eg aldri skulle ha meg parabolantenne også ... seier han latterfullt, men det fekk eg ...

Arnulf Goksøyr, juni 2019

Arnulf Goksøyr sommaren 2019. I bra form trass i tøffe periodar med sjukdom.

Foto: Arne Flatin / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL