Hopp til innhold

Kjempa for livet då dei stod vêrfaste på fjellet

Jarle Hjelmeland (56) frykta at livet var over, då vêret brått slo om på topptur. Etter ein dramatisk redningsaksjon takkar han hjelpemannskapet.

Redningsaksjon på Eidskyrkja i Volda

Dei tre personane prøvde å grave seg ned, men hola fauk att med snø. Laurdag kveld blei dei berga.

Foto: Jarle Steinar Bjørdal / Ørsta Røde Kors

Turen til Eidskyrkja i Volda starta med fint ver og bra sikt laurdag formiddag. Jarle Hjelmeland frå Nordfjordeid gjekk saman med tenåringssonen sin og broren. 56-åringen har gått turen mange gongar før både på ski og på føtene.

Etter tre timar var dei på toppen, men det var så kjølig at dei ikkje sette seg ned. Medan dei tok av seg fellene, starta det å blåse opp.

– Det var omtrent som å slå på ein brytar, fortel Jarle Hjelmeland. Dei var klare over at vinden skulle auke på utover kvelden, men ikkje at det skulle skje tidleg på dag.

Gjekk i feil retning

Dei pakka raskt saman og starta turen nedover. Med snø som fauk i den sterke vinden og tåke, bomma dei på retninga og kjende seg plutseleg ikkje att. Dei tre snudde for å gå opp att, men oppdaga at dei gjekk i ring.

Panikken byrja å kome og klokka 16 fann dei ut at dei måtte ringe naudetatane. Dei fekk beskjed om å halde posisjonen, slik at redningsmannskapet skulle finne dei. Hovedredningssentralen sendte eit redningshelikopter, men på grunn av dårleg sikt måtte det snu.

Hjelmeland og dei to andre måtte dermed lite på at mannskap frå Røde Kors og politi skulle finne dei.

Redningsaksjon på Eidskyrkja i Volda

Det var ein svært krevande redningsaksjon for hjelpemannskapet. Det var storm og dårleg sikt.

Foto: Jarle Steinar Bjørdal / Ørsta Røde Kors

Miste håpet

Vêret vart berre dårlegare og dårlegare og dei fekk beskjed om å grave seg ned. Sidan dei ikkje hadde spade, brukte dei tuppen på skia for å grave ei hole. Hjelmeland trur det var sterk storm og orkan.

Jarle Hjelmeland

Jarle Hjelmeland (56) var søndag trygt tilbake i heimen sin i Nordfjordeid.

Foto: Harald Kolseth / NRK

– Det var svært dramatisk. Vi jobba for livet for å halde varmen. Vi gjorde turnøvingar og sprang. Alt handla om å overleve, fortel Hjelmeland. Hola dei grov, fauk igjen med snø med det same.

For Hjelmeland var det spesielt tøft å sjå at den iskalde sonen gjekk tom for energi då mørket kom.

I 20-21-tida begynte Hjelmeland å sjå svart på situasjonen.

– Eg sa det ikkje til dei andre, men eg miste håpet, seier Hjelmeland.

Kunne enda tragisk

For hjelpemannskapet som var på veg var det svært krevjande i det ekstreme vêret. Røde Kors var utstyrt med skuterar, skredgruppe og redningspulkar. Då Jarle såg lyskastarane, kunne han puste letta ut. Dei tre skigåarane ropte og skreik til redningsmannskapet.

Redningsaksjon Eidskyrkja 07.03.20

Hjelmeland er imponert over innsatsen til hjelpemannskapet og er takknemleg for at turfølget blei berga.

Foto: JARLE STEINAR BJØRDAL / ØRSTA RØDE KORS

– Då dei kom, var den beste kjensla i heile mitt liv, fortel 56-åringen. Klokka 21.30 fann redningsmannskapet dei tre frosne skigåarane.

Tormod Eldholm i skredgruppa til Røde Kors seier at det var ein dramatisk situasjon, som kunne fått eit anna utfall.

– Hadde ikkje personane blitt funne i natt, kunne ein risikert eit tragisk utfall, seier Eldholm.

Takknemleg

Hjelmeland er imponert over innsatsen til hjelpemannskapet og er takknemleg for at turfølget blei berga.

– Den jobben dei gjer er så fantastisk. Den kan ikkje målast med noko anna, seier nordfjordingen.

Han vil ikkje ta sjølvkritikk for det som skjedde på turen. Han er fjellvand og har aldri blitt overraska over vêret på denne måten før. Men ein ting er sikkert. Heretter kjem han alltid til å ha spade og skredsøkar med i sekken.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL