Hopp til innhold

Påsketuristar er vêrfaste på ferieøy: – Det verste eg har opplevd

Sju ferierande kjem seg ikkje heim frå øya Grip, mens enorme bølgjer herjar utanfor. Terje Larsen kan ikkje hugse å ha opplevd eit så valdsamt vêr før.

Vêrfaste folk på Grip

Terje Larsen og sambuaren Jorunn Gjestad (til venstre) har enno ikkje kome seg heim frå påskeferie på grunn av uvêret. Det har heller ikkje Ingrid og Arnt Roksvåg.

Foto: Privat

Dårleg vêr har herja langs norskekysten dei siste dagane, med kraftig snøfall, sterk vind og trugande høge bølgjer. Eit vêr som eit nederlandsk lasteskip fekk problem i, og enno ikkje har klart å berge.

Litt lenger nord langs Mørekysten valde sju personar å tilbringe påskehelga på det fråflytta fiskeværet Grip utanfor Kristiansund. Dei har enno ikkje tort å ta seg til land.

– Eg har opplevd storm mange gonger, men denne gongen var det ekstremt. Dette er det verste eg har opplevd, seier Terje Larsen.

Det seier ein del, for den vêrfaste 64-åringen har vakse opp på den vesle vêrutsette øya, og hatt mang ei påske på feriehuset der.

Store bølgjer herjar på Grip på Nordmøre. Video: Terje Larsen.

Det var Tidens Krav som først omtalte saka.

Skulle vore på jobb

Feriefolket brukar båt ut til Grip, som vanlegvis tar 30 til 60 minutt etter kva båt ein brukar. No har dei tatt båtane trygt opp på land, og ventar på stabilt vêr før dei vender tilbake.

– Vi hadde håp om å kome oss tilbake på sundag, men når det først tok laus det her, fann vi ut av det var best å halde seg i ro, seier Larsen.

Terje Larsen

Terje Larsen og sambuaren har klart seg godt på feriehuset, og har nytte av litt naudproviant. – Vi prøvekøyrde ein boks som var best før 2019, men den var god enno den.

Foto: Skjermdump

Han skulle eigentleg ha vore tilbake på jobb, men tok heller ut nokre ekstra feriedagar. Dei var opphavleg rundt 25, men dei fleste valde å reise mens det var rolegare.

Særleg natt til tysdag blei det ekstra ille, og gripværingen hadde vanskeleg for å sove mens uvêret herja utanfor husveggane.

– Ein høyrer dundringa av sjøen. Det durar, og kjenst ut som om det er eit helikopter som flyg over huset ditt.

Var du redd?

– Nei, men eg har veldig stor respekt.

Grip fyr

Fiskevêret Grip ligg vêrutsett til, langt ut i havgapet. Øygruppa med rundt 50 hus var eigen kommune fram til 1964, og blei fråflytta ti år seinare.

Foto: Harald Trondstad

Åtte meter høge bølgjer

Meteorolog Kristin Sæther seier det har vore heftig vêr i det siste, med byer med hagl og torevêr, og mykje vind i tillegg.

– Eg kan tenkje meg på Grip, som ligg langt ut i havgapet og er ganske flatt, så har det nok kjentest ganske heftig ut, seier Sæther.

Sjølv om vinden har roa seg, har det vore kraftige dønningar i etterkant. Det er eit kjent fenomen på kysten, og kan vare i mange dagar.

Natt til onsdag blei det målt opp mot ti meter høge bølgjer ved oljeplattforma Draugen uti Norskehavet. Då har det truleg vore om lag åtte meter bølgjer på Grip.

– Det er veldig, veldig, veldig, veldig høgt, seier meteorolog Kristin Sæther.

Grip ligg om lag 12 kilometer utanfor Kristiansund, nord i Møre og Romsdal.

Vil reise i samla flokk

På ettermiddagen onsdag har bølgjene minka til rundt fem meter, og skal fortsette å minke til rundt halvparten torsdag. Men på kvelden kan det bli verre igjen.

Det vindauget har feriebebuarane tenkt til å gripe for å kome seg tilbake til byen igjen. Dei vil reise samla, for å kunne passe på dei mindre båtane i følgjet.

bølger på Grip

– Det var som ei gryte som kokte, seier Larsen om uvêret. Dei har passa på å halde seg unna sjøkanten, og ta forholdsreglar når ein rører seg ute.

Foto: Terje Larsen

Dei fleste ferierande reiste inn før stormen blussa opp. Terje Larsen angrar ikkje på at han valde å bli over helga.

– Vi har det bra og har hatt det heile tida. Det er så sjeldan ein får moglegheit til å oppleve slik, seier han.