Kjem MFK til Ullevaal?

Møter Vålerenga i semifinalen på heimebane klokka 19.00. Følg kampen her!

Cupfinalen 2005
Foto: Nyhetsspiller

Skal Molde nå cupfinalen, må dei greie det dei ikkje har greidd til no i år. Vålerenga har vunne begge møta i serien i år.

Men heimefordelen har vore stor semifinalane i cupen dei siste åra. Av dei siste ti semifinalane i NM, er det berre ein som har enda med bortesiger.

Direkte oppdatering: Molde - Vålerenga

Høyr kampen frå 19.03: Nettradio

Trenar Kjell Jonevret meiner at Molde-spelarane må gå i krigen om dei skal slå Vålerenga i kveld.

Les også: - Vi må vinne

Vegen til semifinalen

1. runde: Tornado Måløy - Molde 1 - 8

2. runde: Hødd - Molde 0 - 2

3. runde: Molde - Kongsvinger 1 - 0

4. runde: Alta - Molde 0 - 1

Kvartfinale: Molde - Rosenborg 5 - 0