Dinamo Story skulle produsere filmen, men dei har no bestemt at dei skal slutte å lage filmar fordi det er for dyrt.
Regi:Liv Ullmann
Kate Winslet spelte i filmen "Titanic" saman med Leonardo di Caprio.
Liv Ullmann skal stå for regien av " Et dukkehjem", og på rollelista står mellom andre Kate Winslet, kjend frå filmen Titanic. Filmen skal etter planen spelast inn i Ålesund neste år.
Ålesund hovudarena
I januar 2005 kjem etter planen fleire internasjonalt kjende skodespelarar til Ålesund. Byen skal vere hovudarena i Liv Ullmanns filmatisering av Ibsen-stykket "Et dukkehjem".
Liv Ullmann har regien på filmen og på rollelista står navn mellom anna Kate Winslet, som fekk sitt gjennombrot i filmsukksessen Titanic.
Kate Winslet blei superstjerne i hovudrolla i ein av dei mest påkosta filmane nokon gong, Titanic i i 1997. Det blei vurdert som litt av eit scoop då Kate Winslet sa ja til rolla som Nora i "Et dukkehjem.
Ålesund skal vere arena for filminnspelinga. Men no er det uvisst korleis det går med planane.
Det aller meste av av innspillinga skal skje i Ålesund og kan gi verdensomspennende gratisreklame for byen, sa produsent for filmen, Tomas Backstrøm til NRK Møre og Romsdal i samband med at Winslet fekk rolla..