Her blir kjellaren til Otto fylt med vatn- mange skademeldingar etter ekstremvêret

Skademeldingane etter ekstremvêret «Gyda» renn inn. Otto Skjermo var omringa av vatn på alle kantar då han vakna.

Einmoen i Surnadal

Otto Skjermo i Surnadal bur åleine på garden. Han fekk inn 60-70 centimeter med sølevatn i kjellaren.

Foto: John J. Storholt

Otto Skjermo

Otto Skjermo vakna opp med vatnet fossande inn i kjellaren.

Foto: privat

Ekstremvêret som herja langs kysten onsdag og torsdag førte til flaum- og vasskadar i husa til folk.

Ein av stadane som var verst ramma er Surnadal på Nordmøre. Der gjekk elva over breiddene sine og lagde flaum både på gardar og campingplassar og stengde vegane.

Då Otto Skjermo vakna torsdag morgon var huset omgitt av vatn på alle kantar og vatnet fossa inn i kjellaren.

– Alt i kjellaren låg og flaut. Og det som kom inn var ei suppe av leire, fortel 69-åringen. Til slutt stod det 60–70 centimeter med flaumvatn i kjellaren.

Sauer evakuerast frå fjøs i Surnadal pga Gyda

Over 300 sauer måtte evakuerast frå ein fjøs i Surnadal.

Foto: Elisabeth Mo

Mykje vasskadar

Så langt har dei ulike forsikringsselskapa fått inn rundt 1000 skader etter uveret, viser ei foreløpig oversikt frå Finans Noreg og Norsk Naturskadepool. Dette er venta å stige.

Tryg Forsikring har fått inn meir enn 100 skadesaker knytt til ekstremvêret. Dei estimerer skadane førebels til rundt 12 millionar kroner.

– Det er mest flaum- og vasskadar der vatn har trengt inn i bygningar. Det er også ein del stormskadar på hustak og bilar, seier Torbjørn Brandeggen, kommunikasjonsrådgjevar i Tryg Forsikring. Det er flest skader i Møre og Romsdal og Trøndelag, men dei har også ein del i Nordland og Troms.

Omfattande og kostbart

Forsikringsselskapet If har per fredag kveld fått inn i underkant av 200 skademeldingar og ventar at talet kjem til å auke i dagane framover. Likevel har det ikkje blitt så mange skader som dei frykta.

– Ein del av skadane er ganske omfattande og kostbare. Vasskadar har ein tendens til å bli dyre, seier Andreas Handeland, kommunikasjonsdirektør i If.

Det kan takstmann Nils Håvar Øyås skrive under på. Hans firma reiser no rundt og takserer skader på bygg, på oppdrag frå alle forsikringsselskapa.

– Det er veldig mykje store skader, spesielt relatert til elv og bekkeløp, seier Øyås.

Brekkøya camping er oversvømt.

Brekkøya camping er oversumt.

– Var sjanselause

Hos campingplasseigar Gerald Grewe i Surnadal har vatnet skapt enormt med oppryddingsarbeid.

Resultatet av flaumen er øydelagde vegar, hol i terrenget, skadde campingvogner og spikartelt. Også hans eige hus er truleg skadd av vatn.

– Uveret kom ikkje overraskande, men vi var sjanselause. Til slutt måtte vi berre sjå på. Det var tragisk, seier Grewe. Han ventar på takstmann for å få full oversikt over skadane.

Kopier referanse Gerald Grewe, eigar av Surnadal camping. Bildet tatt under ekstremvêret Gyda.

Gerald Grewe veit ikkje kor omfattande skadene er før takstmannen har vore der. Han håper han slepp å ta opp golvet i stova si.

Foto: Per-Ivar Kvalsvik / NRK

Kan ikkje drikke vatnet

Hos Otto Skjermo medførte flaumen mykje stress. Også brønnen på garden er full av flaumvatn og Skjermo kan dermed ikkje drikke vatnet frå springen. No har sølevatnet i kjellaren rent ut att, men det attstår ein stor jobb med å rydde opp.

– Eg var aldri redd med vatn rundt meg på alle kantar, men eg såg alvoret i det, seier Skjermo.

Bil i elva Surna under ekstremvêret Gyda
Foto: Gerald Grewe
Bildet frå ekstremvêret Gyda sine herjingar i Møre og Romsdal.
Fv65 ved Farbergen i Meldal ødelagt av flom
Foto: John J. Storholt / NRK