Hopp til innhold

«Kjellen»: – Legg du ned i Volda spring ej ette dej te du drukna i fotsvette!

Kjell «Kjellen» Bigset fekk mildt sagt høgt blodtrykk då han bad Bent Høie om å ikkje legge ned akuttfunksjonen ved sjukehuset i Volda.

Kjellen la ut videoen på si Facebook-side like før klokka tre onsdag ettermiddag. Og berre ein time seinare hadde over 26 000 sett videoen, med kjeft til helseminister Bent Høie (H). Og sjåartala stig raskt.

Like etter halv sju onsdag kveld hadde over 100 000 sett samtalen.

I starten av videoen lover «Kjellen» å vere heilt avbalansert. Men det tar ikkje lange tida før både volumet og tempoet i samtalen blir noko heilt anna.

Som ein av dei som kommenterte videoen sa; det gjekk frå null til 100 på no time.

Sjølv avhengig av sjukehuset

Mannen bak karakteren, Thomas Ryste, fortel til NRK at sjukehuset betyr mykje for «Kjellen», som slit med ein hjarteklaff.

– Han er avhengig av sjukehuset i Volda, seier han til NRK.

«Kjellen» sitt mål med videoen, ifølgje Ryste, er å få Høie til å forstå at han ikkje må gløyme dei som bur utanfor Oslo.

Det er ikkje berre «Kjellen» som reagerer på Høie sitt forslag om å legge ned akuttfunksjonen ved sjukehuset. Mellom 8000-10.000 menneske møtte tysdag opp til fakkeltog utanfor sjukehuset for å demonstrere.

Høie la fredag fram den aller første nasjonale planen for helse og sjukehus.

For sjukehuset i Volda ser helseministeren for seg to moglege scenario. Det eine er at Volda kan bli akuttsjukehus, men utan døgnvakt med generell kirurgi. Sjukehuset beheld akutt indremedisin, anestesi og planlagt kirurgi.

Det andre scenariet er at sjukehuset i Volda mister alle akuttfunksjonar og at desse går til sjukehuset i Ålesund.