110-sentralen opplyser at det var tre personar involvert i ulukka totalt. Ein av desse er frakta til Ålesund sjukehus med ambulansehelikopter, og ein er lettare skadd.
– Det skal vere store materielle skadar, seier Kjetil Iversen ved 110-sentralen.
Vegen ikkje sperra
– Kjedekollisjonen skal ha skjedd i krysset mellom Indrehovdevegen og Voldavegen, fortel operasjonsleiar Johan Arnt Overøye.
Bilberging blei raskt bestilt, og det var mogeleg å kome seg forbi ulukkesstaden medan brannvesenet rydda, fortel Overøye.
Klokka 16.21 meldte politiet på Twitter at bilane var fjerna frå vegen.