«Roleg kjem eg nærmare og nærmare, ho trekk seg ikkje unna. Vi blir ståande med hovuda ganske nære. Dei mjuke trekka i andletet hennar verkar meir framståande enn nokon gong. Ho tek det siste steget og kyssar meg.»
22 år gamle Kristoffer Berg les frå si eiga bok. Det er både sårt og utruleg. Historia hans er frå 21. juli, dagen før terroråtaket i Oslo og på Utøya.
Berg, ungdomspolitikar frå Nordkisa i Akershus, møtte Guro Vartdal Håvoll, ungdomspolitikar frå Ørsta i Møre og Romsdal.
Begge var på Utøya, 21. juli blei dei kjærastar.
– Ho inspirerte meg
Berg sit på Blindern, på universitetsområdet. Boka hans «21. juli – En kjærlighetshistorie frå Utøya» har akkurat funne vegen til bokhyllene.
– Hovudgrunnen til at eg gjer dette er at eg ønskjer å forevige Guro sine tankar. Ho inspirerte meg til å tenkje nytt om livet. Tenkje at livet skal vere fantastisk kvar einaste dag, seier Berg til NRK.no.
Guro Vartdal Håvoll var 18 år då ho blei brutalt drepen på Utøya, etter under eitt døgn som kjærasten til Berg.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
4. august i fjor blei ho gravlagt, og Berg synest det var svært tungt å reise til Sunnmøre i gravferd.
«Eg vil alltid hugse det vakre andletet ditt. Eg fekk ikkje meg sjølv til å seie nokre ord til deg i kyrkja. I staden har eg kjøpt eit smykke, eit hjarte i to delar. Den eine delen vil eg bere med meg og ta vare på, den andre skal følgje deg i jorda.»
Saka held fram under bildet.
Delt kvardag for Berg
Ungdomspolitikaren fortel om ein heftig kvardag, med studiar, politikk og nye menneske. Men kvardagen er delt for 22-åringen.
– Det går an å seie at eg framleis er forelska i Guro. Som eg skriv i boka så er eg på stadar på éin gong, fortel Berg.
– På eine staden har eg framleis følelsar for Guro. På den andre staden så fungerer livet mitt utanom. Følelsane har blitt ei djupare side av meg.
Boka har sitt utspring i 22. juli, men omtalar ikkje hendingane. Dei gode minna blir lagt vekt på, og Berg filosoferer om livet, om mørket og om sorga.
«Guro spør om eg vil bli med å blåse såpebobler. Då har det blitt mørkt, så eg synest det er litt rart. Men eg blir med, og går bort. Så kyssar vi. Mot bryggeområdet på Utøya».
– Viktig å føle på sorga
Kristoffer vil sjå framover i livet, men er framleis sterkt prega av hendingane – både den 21. og den 22. juli.
– Gjennom bokprosessen har eg innsett at sjølv om ting kan vere mørkt og tungt i nokre stunder, så kan det vere fint og vakkert i andre stunder.
– Det er viktig å setje pris på det mørke og tunge. Det handlar om å minnest dei døde.
Berg meiner det hadde vore feil å ikkje minnast.
– Det er viktig å føle på sorga, avsluttar 22-åringen.