Hopp til innhold

Kjærleikshelg i Norangsfjorden?

Mange europearar kan sikkert tenkje seg å oppleve ei kjærleikshelg på Hotel Union Øye eller eit døgn med bonderomantikk i Vågå. Det er Innovasjon Norge som inviterer!

Hotel Union Øye

Hotel Union Øye

Foto: Hotel Union Øye

Under slagordet "Kjærlighet i Norge - kjærlighet til Norge" skal unge og eldre kjærleikslystne par lokkast til Noreg for å oppleve ei helg full av romantikk, natur og god mat.

Den grøne veka

Tilbodet skal marknadsførast under Den grøne veka i Berlin 18. til 27. januar. International Grüne Woche er ei av verdas største forbrukarmesser for mat og landbruk med nær 600 000 besøkjande, 1700 utstillarar frå 60 land og rundt 4000 journalistar.

Fire helgeturar til Noreg skal trekkjast ut blant dei som besøkjer den norske standen på messa, og eit brurefølgje i gammal norsk tradisjon skal gå frå den norske standen til den tyske.

Fire romantiske turar

Dei romantiske opplevingane Innovasjon Norge lokkar med, er desse:

  1. I historiske fotspor: Ein romantisk draumetur til nokre av dei vakraste delane av Noreg.
  2. Med DNT i dronningas fotspor: Fottur til den mektige sunnmørstinden Slogen med sjampanje og overnatting i Keiser Wilhelm-suiten på det romantiske fjordslottet Hotel Union Øye.
  3. I midnattsolas rike: Rorbuhelg i Lofoten med sol til frukost, storm til middag og havblikk til kvelds.
  4. Bonderomantikk på Gammal-Kleppe i Sjårdalen i Vågå, overnatting i eit hus frå 1600-talet.

 

Slogen

Først topptur på Slogen, så sjampanje og mjuke laken på hotellet!

Foto: Rune A. Hansen / NRK