Hopp til innhold

Kina-kontrakt til Rolls-Royce

Rolls-Royce har signert ein kontrakt med Huangpu Wenchong Shipyard i Kina om ein pakke avansert skipsutstyr til eit nytt fartøy, på 124 meter.

Rolls-Royce skal levere skipsutstyr
Foto: Rolls-Royce

Fartøyet blir designa av Skipsteknisk, og blir levert i 2017 til reiarlaget Jumeira Offshore i Singapore. Fartøyet blir mellom anna utstyrt med fire av den nyaste motortypen frå Bergen.

Ny kunde

Helge Gjerde

Helge Gjerde, President Commercial Marine i Rolls-Royce, ønskjer ein ny kunde velkomen.

Foto: Per Eide

– Vi er veldig glade for å vinne denne kontrakta i ein tøff marknad. Dessutan er det svært gledeleg å kunne ønskje eit nytt reiarlag velkomen som kunde, seier Helge Gjerde, President Commercial Marine i Rolls-Royce.

Hovudmotorar i fartøyet blir ein ny medium-speed motor som er utvikla hos Rolls-Royce i Bergen, og som blei lansert i fjor haust. Motoren har 20 prosent auka effekt per sylinder samanlikna med andre motorar i Bergen-serien. Dei kan gå i 25 000 timar før dei må til hovudservice.

DP3-systemet frå Rolls-Royce er utvikla i Ålesund.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL