Hopp til innhold

Sjå kva han fann i husveggen

Då Torbjørn Nes slo hol i veggen, fekk han seg litt av ei overrasking. Heile matlageret til ein musefamilie kom til syne.

Nøtter i husvegg

Då ventilasjonsmontøren saga hol i veggen, ramla det ut fleire kilo med hasselnøtter.

Foto: Torbjørn Nes

Ventilasjonsmontør Torbjørn Nes har arbeidd med å sette inn nytt ventilasjonsanlegg på ein butikk på Sunnmøre og måtte sage hol i veggen i kjellaren. Der ramla det ut fleire kilo med hasselnøtter.

– Dei førre eigarane oppbevarte nøtter i sekkar på lageret, og dermed har dyra forsynt seg, seier Torbjørn Nes.

LES OGSÅ:

Fann musebol

Torbjørn Nes

Torbjørn Nes har aldri opplevd hamstring i slike mengder før.

Foto: privat

Han aldri sett så store matlager gøymt i veggar før. Det vart også funne eit gamalt musebol i veggen, så Nes reknar med at dette er forsyningane til ein musefamilie. I eldre hus er det er ikkje sjeldan at han finn solsikkefrø og andre matvarer under renoveringa, men aldri i så store mengder.

– Hittil er dette det mest spesielle funnet i karrieren min, ler Nes.

Hasselnøtter er favoritt

Skadesjef Stein Norstein i Anticimex seier at hasselnøtter er musene sin favorittmat og at det ikkje er rart at dei har hamstra. Korn og nøtter er slikt musene likar å lagre til dårlegare tider.

– Hasselnøtter i ein sekk er reine skattkammeret for mus, seier Norstein.

Hans konklusjon er at musene ikkje har vore i hus særleg lenge, sidan dei ikkje nådde å ete av matforrådet sitt. Mest truleg har dei vorte offer for musefella.

Halvparten har mus

Husmus

Stein Norstein i Anticimex seier at mus forsyner seg med det dei finn av matvarer.

Foto: Anticimex

Å ha mus i huset er slett ikkje uvanleg. Norstein trur at nesten halvparten av norske einebustader har spor etter mus.

– Det er sjølvsagt stor skilnad på kor mykje mus som har vore inne. I gamle hus utan musesikring, må ein forvente at det anten er mus der eller har vore, seier Norstein.

For å unngå mus inne i huset, må ein gjere det umogleg for dyret å ta seg inn. Nye hus har som regel museband eller museklosser under panelet. I gamle hus kan det vere ein stor jobb å få det på plass.

– Utan musesikring må ein rekne med at musa kjem inn og forsyner seg med alt frå stearin til matvarer, seier Norstein.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL