Illustrasjonsfoto
I Herøy er omlag 50 personar smitta så langt. Kommuneoverlege Bjørn Martin Aasen i Herøy seier epidemien gjer at Folkehelseinstituttet vurdere å starte vaksinering av ungdomsskuleelevar.
Spedbarn utsette
Vaksinen mot kikhoste vert gitt til spedbarn i 3-5 månaders alderen. Før barna får vaksinen er dei spesielt utsette for å få sjukdommen. For dei aller minste kan kikhoste få dødeleg utgang.
I Herøy starta epidemien i januar. For kvar vaksen persom som blir smitta aukar sjansane for at barn som ikkje er vaksinerte får smitten i seg. Derfor følgjer Aasen ekstra godt med dei nyfødde i Herøy.