Hopp til innhold

Katten Pelle skal få kjønnskorrigerande operasjon

Kattungen i Ålesund har både mannlege og kvinnelege kjønnsorgan. No har ei hjelpegruppe samla inn fleire tusen kroner for å operere han.

Pelle blir kjønnsoperert

Dette er katten Pelle. No er han klar til å få behandling. Hjelpegruppa Kellys håp skal betale for operasjonen.

Foto: Kellys håp

Då katten Pelle skulle bli kastrert for kort tid sidan, oppdaga veterinæren at Pelle er heilt spesiell. Katten er tvikjønna, det vil seie at han har både kvinnelege og mannlege kjønnsorgan. På grunn av det er han ekstra eksponert for bakteriar og kan få stadige urinvegsinfeksjonar.

Pelle blir kjønnsoperert

Kelly's Håp seier dei har forhøyrt seg med veterinærar, før dei bestemte seg for at dei ville gi Pelle operasjonen.

Foto: Kellys håp

Hjelpegruppa Kelly's håp har no starta ein innsamlingsaksjon for å betale for den kjønnskorrigerande operasjonen som krevst. Prisen på behandlinga, inkludert tanntrekk, er om lag 15.000 kroner.

– Vi ynskjer å hjelpe i så stor grad vi kan. Dette er ein svært tillitsfull, trygg og god katt. Og er det ein operasjon som skal til for at han skal få eit godt liv, så skal han få den operasjonen, seier pressetalskvinne Wenche Ystenes.

Veit at det er kontroversielt

Hjelpegruppa er budd på at det ville bli diskusjon om det er etisk riktig å utføre ei slik behandling på katten.

– Det er jo kontroversielt med slike operasjonar. Nokon meiner at kattungen bør få sleppe, seier Ystenes.

Ho understrekar at det er veterinærar som har tatt avgjerda og ikkje dei sjølve. Sjølv vektlegg organisasjonen at katten er ung og kan få eit langt liv etter behandlinga. Difor nøler dei ikkje med å operere han.

– Altfor mange kattar

Petter Bøckman

Zoolog Petter Bøckman er kritisk til å bruke mange tusen kroner på operasjon av katten.

Foto: Karsten Sund / UiO

Petter Bøckman er zoolog ved Naturhistorisk museum og meiner det allereie er for mange kattar i landet. Han meiner det er etiske spørsmål ved å bruke 15.000 kroner på behandling.

– Visst katten er plaga vil eg seie at det er greitt å avlive han. Ein slik operasjon er kostbar, seier Bøckman.

Han trur likevel det er for enkelt å seie at pengane i staden kunne ha gått til viktigare føremål, for spørsmålet er om dei som samlar inn pengane ville ha brukt desse pengane til noko anna.

Ei anna bekymring han har er om Pelle blir operert til feil kjønn.

– Kattar som alle andre dyr har ei heilt openberr oppfatning av seg sjølv som eit kjønnsindivid. Ein risikerer å ta eit dyr som føler seg som hannkatt å gjere det til ein hokatt. Eller omvendt, seier Bøckman.

Siri Martinsen, veterinær i NOAH, seier det bør vere ein uproblematisk operasjon og at katten kan få et bra liv. Ho meiner at det er helt innanfor å bruke pengane på operasjonen.

– Haldninga om at dyr ikkje fortener behandling som kostar litt, er del av bakgrunnen for dårlege haldningar som fører til dumping og bruk- og kast-haldning til katter.

Kristian Ellingsen-Dalskau

Kristian Ellingsen-Dalskau er sekretær i Rådet for dyreetikk. Han meiner det er viktig at ein alltid tenker på dyrets beste når dyret skal ha medisinsk behandling.

Foto: Eivind Røhne

Dyr har blitt familiemedlemmar

Kristian Ellingsen-Dalskau sit i Rådet for dyreetikk og er forskar på dyrevelferd. Han seier terskelen for å gi medisinske behandling hos kjæledyr er lågare enn før, fordi dyra har blitt familiemedlemmar. I tillegg har veterinærmedisinen utvikla seg slik at moglegheitene er mykje større i dag.

– Eg og rådet for dyreetikk er i utgangspunktet positive til at folk vil å bruke pengar på kjæledyra sine, seier Ellingsen-Dalskau.

Han meiner det er viktig å rådføre seg med veterinæren for å vere sikker på at behandlinga er det beste for dyret og dyret etterpå vil ha gode prognosar for eit bra liv.

Kan bli avliva

Katteelskarar på Sunnmøre har forbarma seg over Pelle og gladeleg betalt for operasjonen. Om kort tid skal den fem månader gamle katten under kniven, og Wenche Ystenes kryssar fingrane.

– Vi håper at han skal kome seg gjennom det og at det skal bli vellukka. Elles hadde bli aldri prøvd. Vi har vege for og imot, men vi må støtte oss på fagfolka som seier at vi bør prøve, seier Wenche Ystenes.

Dersom operasjonen ikkje går bra, vil katten bli avliva medan han ligg i narkose.

Pelle blir kjønnsoperert

Wenche Ystenes i hjelpegruppa seier Pelle er ein tillitsfull, trygg og god katt.

Foto: Kellys håp