Den verdsberømde spekkhoggaren døydde fredag etter å ha vore i Taknesbukta i vel eitt år.
Formannskapet har bestemt at det skal lagast ei steinrøys over staden der Keiko er gravlagt.
På denne måten vil dei markere staden kor Keiko er gravlagt på ein enkel og jordnær måte.
Ungane fyrst ute
I tillegg var det viktig at dei som Keiko har betydd mykje for, no kan bidra med sin stein. Og, ungane i kommunen er dei fyrste som får lov til å bidra. Den åttande januar vil dei få høve til å legge på sin stein.
-Ei spesiell tid
I tillegg til steinrøya ser også kommunen at det truleg vil vere behov for ei slags informasjonstavle, utan at dei ha teke noko avgjerd om akkurat det.
Ordførar Margrete Seter innrømmer at tida med Keiko har vore spesiell, og at dei har kome i ein unik situasjon gjennom at nesten heile verda veit kor Taknesbukta og Halsa er.