Hopp til innhold

Keiko-grav vert minnesmerke

I Halsa vil dei heidre spekkhoggaren Keiko i fleire år frammover. Kjendiskvalen døydde der i 2003.

Keiko si grav

GRAVPLASSEN: Minnerøysa etter spekkhoggaren Keiko i Taknesbukta i Halsa.

Foto: Juanita Møkkelgård

Spekkhoggaren Keiko vart verdsstjerne etter å ha spelt Willy i den første av dei tre amerikanske Free Willy-filmane.

Vart pensjonist i Halsa

Som pensjonist fann Keiko vegen til Halsa. Der holdt han til fram til sin død i desember 2003. Då hadde han vorte eit stort trekkplaster i den vesle kommunen på Nordmøre.

Linda Eide minnast Keiko

LINDA EIDE: Vil gi Keiko eige skilt.

Foto: Kristin Helgeland Hauge / NRK

I ettertid vart det laga ei minnerøys over spekkhoggaren.

I programmet Norsk attraksjon i fjor tok Linda Eide til orde for å gi røysa eit eige skilt.

SJÅ VIDEO: Linda Eide minnast Keiko

LES: Linda Eide minnast Keiko

Vil ha Keiko-skilt

No går også fylket i dei same tankane. Fylkeskonservatoren i Møre og Romsdal tilrår at det vert sett opp eit attraksjonsskilt ved Taknesbukta i Halsa, der Keiko er gravlagd.

- Det er veldig flott at ikkje Keiko går heilt i gløymeboka, seier reiseprosjektleiar Juanita Møkkelgård i Halsa.

Ho trur Keiko gjorde spesielt stort inntrykk på born i rolla som Willy. Ho trur det er desse som har vorte vaksne, og som no gjerne tar eigne born med til spekkhoggargrava.

- Framleis ser me at det kjem nye steinar på gravrøysa, både frå nordmenn og utlendingar. Nyleg var der komne minnesteinar frå personar frå Australia og spansktalande turistar, seier Møkkelgård.

Helsingar på Keiko si grav

WITH LOVE: Helsingar på Keiko si grav.

Foto: Juanita Møkkelgård

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL