Kvalen er kjend frå Hollywood-filmane Free Willy, og har sett Halsa på kartet sidan han symde inn Skålvikfjorden for over eit år sidan.
Keiko har sidan hatt tilhald i Taknesbukta.
Brått sjuk
Den 26 år gamle og tre-fire tonn tunge kvalen døydde i går, etter at han brått blei sjuk.
Passarane hadde håp om at Keiko ville slå seg saman med ville kvalar, men slik skulle det ikkje gå.
- Det er trist og vemodig, seier ordførar Margrete Seter.
Keiko var litt småforkjøla, men då han blei sjekka på nytt fredag ettermiddag, var han død.
Kjendis
Ordføraren seier at Keiko uten tvil var den største kjendisen i Halsa.
Når Keiko no er død, trur ho det får følgjer for
turiststraumen til kommunen.
Keiko var gjenstand for enorm merksemd, ikkje minst frå utanlandsk presse og turistar.
Kom frå Island
Sommaren 2002 starta Keiko turen frå Island til Noreg, etter å ha vore i ei bukt i Island dei siste åra.
Målet var at han skulle leve sjølvstendig, etter at han blei tatt til fange utanfor Island i 1979.
Då var Keiko omlag to år gammal.
Filminnspeling
I 1982 blei han frakta til Canada, før han seinare blei seld til ein park i Mexico City, der filmen Free Willy blei tatt opp i 1992.
Fire år seinare blei han flytta til USA, der amerikanarane bille betale for å gjere Keiko vill igjen, og han blei difor sendt tilbake til Island.
Etter tre år under oppsyn ved Vestmannaeyr, svømte Keiko plutseleg ein julidag til havs, og etter å ha vore i området nokre dagar, sette han kursen mot Noreg.
Skålvikfjorden
Keiko kom så til Skålvikfjorden i Halsa, før han blei flytta til Taknesbukta.
Dei som då tok på seg å sjå etter Keiko, meinte det var ein meir høveleg stad enn Skålvikfjorden.
Kva som skal skje med Keiko no er førebels ikkje bestemt.
Alternativa er truleg å ta Keiko opp på land, eller å slepe han til havs.
Keiko døydde truleg av lungebetennelse, 26 år gammal.
Spekkhoggarar lever i snitt mellom 35 og 45 år.
Likte merksemda
Etter å ha vore filmkjendis sette Keiko stor pris på den merksemda han fekk i Taknesbukta.
Mellom anna viste han stor glede då ei jente spelte musikk frå Free Willy-filmen på munnspel for han.
Og samtidig som Keiko gledde seg over opphaldet i Taknesbukta, var han og til stor glede både for fastbuande og tilreisande i det året han hadde tilhald på nordmørskysten.