Hopp til innhold

Keeperduellen blir viktig

Knut Dørum Lillebakk

Knut D. Lillebakk er tilbake i målet til MFK

Foto: Arne Flatin / NRK


Kvaliteten på målvaktene kan verte viktig i lokaloppgjeret mellom Aalesund og Molde.

Molde-keeper Jan Kjell Larsen har hatt fleire tabbemål og blir no vraka til fordel for Knut Dørum Lillebakk som har vore ut med skade det meste av sesongen til no.

Kjetil Rekdal

Kjetil Rekdal

Foto: Arne Flatin / NRK

I ein slik kamp kan styrkeforholdet mellom målvaktene vere avgjerande, seier AaFK-trenar Rekdal.

Tabbekeeper

Seinast mot Stabæk sist helg hadde Molde-keeperen eit baklengsmål som må karakteriserast som tabbe. Og dette er langt frå den einaste gongen Larsen har hatt slike fadeser dei to siste sesongane.

No har tabbene til Larsen kosta han plassen på laget. Knut Dørum Lillebakk kom inn i fjor etter fleire tabber av Larsen. I år har han vore ute med skade det meste av sesongen, men er no tilbake mellom stengene til det viktige lokaloppgjeret i morgon.

Jan Kjell Larsen på MFK-trening denne veka

Jan Kjell Larsen

Foto: Arne Flatin / NRK

Molde-trenar Kjell Jonevret seier han har vondt av Larsen, som er ein god keeper, og som på trening etter trening gjer gode prestasjonar. Så kjem det ein kamp innimellom der heilt enkle ballar går inn.

Kjetil Rekdal seier at Lindegaard ikkje har gjort tabbar i AaFK-målet så langt. Han meiner framleis at dansken er den beste målvakta i Eliteserien.