Hopp til innhold

Måtte dele poenga etter sein utlikning

Kristiansund hadde klatra til tredjeplass med siger, men ei sein utlikning sette ein stoppar for jubelen. Likevel var Mahmoud El Haj fornøgd.

KBK jublar

Geir Bakke og Kristiansund var berre fem minutt unna tre sterke bortepoeng i Ranheim.

Foto: Roar Halten / NRK

– Det er eit greitt resultat for oss, det sjølv om vi leiar kampen og dei scorar heilt mot slutten. Dei hadde eit stort press på oss, så scoringa måtte nesten kome, sa El Haj til NRK etter poengdeling i Ranheim.

Tidleg i kampen såg det derimot ikkje ut som KBK skulle få poeng i det heile, for trønderane på heimebane styrte kampen.

Farlege skot i 16-meteren, Ranheim-spiss Bendik Bye åleine gjennom mot KBK-keeper Roger Berntzen og ei annullert scoring på overtid i første omgang.

Kristiansund hadde nokre halvvegs skotforsøk, men den korrekt annullerte Ranheim-scoringa til Mads Reginiussen var einaste ball i mål før pause.

Liridon Kalludra

Svenske Liridon Kalludra scora sitt femte mål for sesongen. Berre Jean Alassane Mendy har fleire scoringar for KBK.

Foto: Ohrstrand/Bjerkås / Kristiansund Ballklubb

Ny annullering, tett følgt av scoring

Kristiansund sparka i gang andre halvdel, men Ranheim tok styringa. Etter 51 minutt fekk dei igjen – korrekt – annulert ei scoring, då Jo Sondre Aas fekk ballen i mål.

Men så blei det mål, og litt ufortent til KBK. Jan Banan Tømmernes fekk med seg ballen, før han slo inn. I feltet bel idet mange skotforsøk, før Liridon Kalludra sette 0–1 i mål.

– Det var kanskje litt mot spelets gang, seier El Haj.

Det blei svensken si femte scoring i årets 1. divisjon. Berre Jean Alassane Mendy har fleire fulltreffarar av KBK-spelarane.

Mahmoud El Haj

Mahmoud El Haj var fornøgd med eitt poeng.

Foto: Roar Halten / NRK

Heldt nesten unna

Det lukta Ranheim-scoring lenge før bortemålet, og etter 0-1-scoringa blei lukta berre sterkare. Kristiansund var farlege på kontringar, og stod godt imot, men etter 85 minutt kom 1–1.

Ranheim angreip, og etter mykje rot i Kristiansund sin 16-meter var det innbytar Gjermund Åsen som utlikna for trønderane.

Tre tilleggsminutt, og fem ordinære minutt, men ingen av laga fekk avgjort kampen til sin fordel.

Med siger ville KBK stått med 38 poeng, og klatra forbi både Ranheim og Sandefjord. I staden står nordmørslaget med 36 poeng, eitt poeng bak Ranheim. Kristiansund og fylkeskjenning Hødd ligg no likt på poeng, men KBK har hakket betre målforskjell.

– Det er utruleg jamt, og ingen skil seg spesielt ut utanom Bodø/Glimt. Held vi fram som no så har vi gode moglegheiter til å sikre i alle fall ein kvalikplass, avsluttar Mahmoud El Haj.