Hopp til innhold

KBK tek imot eit Strømmen-lag i god haustform

Før sesongstart hadde Kristiansund som mål å klare å halde seg i førstedivisjon. No kjempar laget heilt i toppen av tabellen og er klare til å ta imot Strømmen i ettermiddag.

KBK jublar

Kristiansund-trenar Geir Bakke jublar saman med midtstoppar Christophe Psyché etter 5-1-sigeren over HamKam 5. juli. I dag tek KBK imot Strømmen på heimebane.

Foto: Roar Halten / NRK

Følg KBK-Strømmen frå klokka 16.00

Medan Kristiansund ligg på fjerdeplass på førstedivisjonstabellen, ligg Strømmen på ellevteplass og er enno ikkje sikre å halde seg i divisjonen eit år til.

Likevel er det eit Strømmen-lag i god haustform som besøker Kristiansund søndag ettermiddag.

Kjempar i toppen

Kristiansund har imponert i årets førstedivisjon og er eitt av topplaga som kjempar med nebb og klør for å kome på kvalifiseringsplass.

Då dei møtte Ranheim i sist kamp var dei berre minutt unna å klatre til tredjeplass, men ei sein utlikning frå Ranheim sette ein stoppar for det.

Les også:

– Mykje å ta tak i

KBK-trenar Geir Bakke meiner at laget har nok å ta tak i.

– Botnnivået vårt er for dårleg. Vi må stramme opp på dei tinga som er heilt fundamentale

Søndag klokka 16.00 tek KBK imot Strømmen på heimebane.

Bakke seier at det er nettopp kampane mot dei laga som ligg langt nede på tabellen som kan vere vanskelege.

– Dei laga har ikkje så mykje å tape, og det kan ofte frigjere litt energi.

Ustabil haustsesong

Haustsesongen har likevel vore opp og ned for KBK og trenar Geir Bakke har uttalt at laget må bli meir stabile.

– Eg merkar at det svingar for mykje i prestasjonane våre endå. Vi har mykje å lære.

Han peikar på at laget hans ikkje kan ta snarvegar for å kome seg til målet, som er å kome seg høgast mogleg opp på førstedivisjonstabellen.

– Vi må stikke fingeren i jorda og sjå i kva fasar av spelet vi slepp til motstandarane.

Les også:

Kjempar om kvalifiseringsplass

Sjølv om haustsesongen har vore det Bakke sjølv definerer som «traurig», har han trua på spelarane sine, dersom dei klarer å stå samla som lag.

– Vi må prestere godt i alle 90 minutta. Klarer vi å få fram det beste i oss, som vi har gjort i mange kampar i år, så har vi moglegheita til å vere med på å kjempe om kvalifiseringsplass.

Bakke peikar også på at ein må få fram dei individuelle eigenskapane hos dei spelarane som kan avgjere kampar, i begge endar av banen.

– Men det er ein hard jobb som må gjerast.