NRK Meny
Normal

KBK-supporter håper å slå Molde 3–0

KBK-supporter Jarl Ivar Eriksen håper på ein soleklar siger over Molde FK i den første kampen i eliteserien. Han er ikkje den einaste kristiansundaren som trur det er mogleg.

Jarl Ivar Eriksen

Jarl Ivar Eriksen i supporterklubben Uglan trur det er fullt mogleg å starte eliteseriespelet til våren med å slå Molde så det syng.

Måndag kveld sto jubelen i taket hos mang ein fotballtilhengjar då det blei klart at det blir oppgjer mellom nabofiendar i Kristiansund 1. april. Då blir eliteserien 2017 sparka i gang, og det med Molde og Kristiansund på kvar si side av målstreken.

– Eg trur faktisk vi kan vinne den kampen, med tanke på den entusiasmen som er rundt alt, og 4 000 entusiastiske nordmøringar på tribunen, så trur eg det kan gå vegen, seier formannen i supporterklubben Uglan, Jarl Ivar Eriksen i Kristiansund.

Les også:

Held ein knapp på Molde

Tove Berget

Tove Berget håper ho klarer å sikre seg ein billett når dei to klubbane ho har arbeidd for møtes 1. april.

Foto: privat

Like sikker er ikkje Tove Berget, som måndag kveld var lynraskt ute og tvitra då det blei klart at Molde og Kristiansund møtes i opningskampen i eliteserien 1. april. Ho har arbeidd i administrasjonen for begge klubbane, men seier ho held ein knapp på MFK.

Laster Twitter-innhold

Uansett utfall er ho sikker på at den første aprilhelga i 2017 blir heilt spesiell i Kristiansund.

– Eg trur det blir kjempestemning, det er to supportergrupper som verkeleg kjem til å lage liv i byen, og kristiansundarane og KBK er jo flinkt il å lage sirkus, det kjem til å bli ein fest i Kristiansund heile den helga.

Gler seg til å møte Molde

1. Divisjon fotball 2016. Jerv-Kristiansund 1-1. Christian Michelsen

KBK-trenar Christian Michelsen syns det er stas å møte Molde 1. april.

Foto: Schrøder, Tor Erik / NTB scanpix

Kristiansund klarte for første gang å kjempe seg vidare frå 1. divisjon i fjor haust, og er no klare for eliteserien. KBK sikra seg også seriegullet i haust, då dei vann 3–2 mot Sandefjord.

KBK-trenar Christian Michelsen seier kvar kamp i eliteserien neste vår blir som å spele cupfinale.

– Det er sjarmen med fotball at av og til kan underdogen slå til. Det er klart vi blir ein liten Askeladd, som spelar cupfinale kvar helg, og så an blir kjempeartig! seier Michelsen.

Laster Twitter-innhold

Trur det blir stor rift om billettane

Måndag kveld blei oppsettet for neste års eliteserie klart, og Møre og Romsdal har heile tre lag i toppserien. 6. mai møtes Aalesund og Molde, og 17. juni er det klart for oppgjer mellom Kristiansund og Aalesund.

Likevel blir kampen 1. april heilt spesiell, og Tove Berget er i alle fall sikker på kvar ho har tenkt å vere då.

– Då blir eg forhåpentlegvis i Kristiansund, men eg veit jo ikkje kor enkelt det blir å få billett. Dei utvidar vel stadion no, men eg reknar med at det er ganske stort trykk, seier ho.

Laster Twitter-innhold