Hopp til innhold

Kristiansund rakna totalt - igjen

Før møtet med Ranheim hadde KBK vore suverene på heimebane. Etter flaue 0–3 blir 17.-maitoget ein tung affære for Kristiansund.

Liridon Kalludra

Liridon Kalludra og Kristiansund tapte til slutt 3–0 mot gjestande Ranheim.

Foto: Roar Halten / NRK

Laster innhold, vennligst vent..

Det er ikkje meir enn to veker sidan KBK rota vekk ei tremålsleiing borte mot Strømmen. Laget leia 3–0 etter 60 minutt, før det til slutt enda 3–3 .

– Vi må lære av det og gå vidare, sa Kristiansund sin assistenttrenar Ole Olsen til NRK etter kampen.

Då Ranheim gjesta Kristiansund dagen før nasjonaldagen rakna det derimot igjen.

To på overtid

Etter ein jamn første omgang var det tidlegare KBK-spelar Asgeir Snekvik som sende Ranheim i føringa.

Eit frispark i det 57. minutt, frå heller vanskeleg posisjon, blei sendt rett i mål av Snekvik. Ballen duppa fint i mål, men Elias Valderhaug i KBK-buret kunne truleg avverja.

Heimelaget, som spelte for heller glisne tribunar, jaga utlikning utover i andre omgang. Scoringa kom derimot aldri.

I staden dobla Ranheim til 0–2 ved Gjermund Åsen, før Jo Sondre Aas avslutta med 0–3 litt seinare ute i overtida.

Tapet blei KBK sitt første for året. Neste kamp ut for laget frå Nordmøre er borte mot Bryne førstkomande tysdag.

Laster innhold, vennligst vent..