NRK Meny

KBK og MFK kan bli tabellnaboar i helga

Molde og Kristiansund kan verte tabellnaboar i Eliteserien etter kampane i helga. Kristiansund er for mange favoritt heime mot Haugesund medan ekspertane trur Molde vil få store problem mot Odd i Skien.

KBK og MFK

Kristiansund og Daouda Bamba kan klatre på eliteserietabellen. Molde har gjort det dårlegare enn mange venta så langt i år.

Foto: Jon Olav Nesvold/ Svein Ove Ekornesvåg / Scanpix

Spelselskapa anar ein viss sjanse for at Kristiansund skal slå Haugesund søndag. Norsk Tipping har størst tru på Kristiansund, medan selskap som Bettson og Unibet helst hallar mot Haugesund.

Selskapa er altså litt utydelege i vurderinga av Kristiansund – Haugesund. Desto klarare er dei på at Odd i Skien er storfavorittar mot Molde.

Skulle Molde tape og Kristiansund vinne vil begge laga stå med 11 poeng. Og Kristiansund er klare til å slå til heime mot Haugesund.

Christian Michelsen

Christian Michelsen er trenar for KBK.

Foto: Jon Olav Nesvold / NTB scanpix

Ole Gunnar Solskjær

Ole Gunnar Solskjær er manager i Molde.

Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB scanpix
– Vi byrjar å sjå ut som eit eliteserielag. No handlar det om å bli litt kvassare i avgjerande situasjonar i begge endar av banen. Då skal dette bli bra, seier trenar Christian Michelsen til NRK.

Molde fotballklubb hadde i utgangspunktet planar om å ta gull i årets eliteserie. Ole Gunnar Solskjær vel å sjå positivt på at spelselskapa har lita tru på klubben i kampen mot Odd.

– Den ventar at vi skal tape. Det kan vere greitt for spelarane å vite at det ikkje er nokon som ventar noko av oss. Då kan vi slå til bake, seier Ole Gunnar Solskjær.

KBK-trenar Christian Michelsen ser med stor ro på at spelselskapa anar ein sjanse for at Kristiansund kan bli tabellnabo med Molde. Han vel rett og slett å kome med ein kommentar av det humoristiske slaget.

I så fall er vi fornøgde. Då treng vi ikkje å spele fleire kampar i år, skrattar han og let det sjølvsagt skine gjennom at dette er humoristisk meint. For han er snar med å legge til at oddsen betyr null og niks.

I Molde har det spreidd seg ei viss uro over at fotballklubben har sanka færre poeng enn venta. Supporterar har alt byrja å snakke høgt om skifte av trenar. Trenaren for naboklubben i nord har ikkje sansen for slike utspel.

Molde skal vere svært glade fordi dei har Ole Gunnar. Han er definitivt rett mann for klubben. Er det nokon som kan klare å snu det som skjer i Molde så er det han. Men han treng hjelp frå spelarane, seier Christian Michelsen.

Fredag kveld held spelselskapa også Aalesund som storfavoritt i heimekampen mot Sandefjord. Den aller største favoritten denne runden er Rosenborg som møter Lillestrøm heime på Lerkendal.

Laster innhold, vennligst vent..

Siste video/lyd

Reiarlaget til reketrålaren Remøy, som ligg i arrest i Murmansk informerer om situasjonen.
Korleis er det å bli eldre i Noreg i dag, og korleis vil det vere dei neste 20 åra? Det var tema på landskonferansen for fylkeskommunale eldreråd.
Stor forrvirring etter at den helsepolitiske talskvinna i Senterpartiet sa at ho vil behalde sjukehuset i Kristiansund...