Hopp til innhold

KBK med vekst

Kristiansund hadde ein auke i tilskodertala sine på nærare seks prosent i 2018-sesongen, samanlikna med året før. I snitt var det 4042 tilskodarar på kampane til nordmørslaget. Trass i sølvmedalje, hadde Molde ein nedgang på nærare 10 prosent på sine tilskodartal. Snittet her er på 7 111. Klubben er likevel kun slått av dei tre store, Rosenborg, Brann og Vålerenga, på den totale oversikten. Aalesund, som rykka ned ein divisjon, hadde naturleg nok ein kraftig nedgang, men var likevel det laget som samla nest flest tilskodar i førstedivisjon, med eit snitt på 4812 tilskodarar.


Eliteserien i fotball 2018: Kristiansund-Brann.
Foto: Anders Tøsse / NTB scanpix