KBK-klage

Norges fotballforbund vil truleg behandle protesten frå Kristiansund ballklubb allereie komande fredag eller mandag. KBK hevdar ein dommarfeil avgjorde kampen då dei fekk utvist feil spelar og tapte 2-3 mot Sandnes Ulf på søndag. KBK krev difor omkamp. Sandnes Ulf har frist til fredag til å kome med sitt tilsvar.