Hopp til innhold

Bakke: – Følelsen er kjempegod

Hat-trick-helt Jean Alassane Mendy var i skyene etter 5-1 over HamKam, medan KBK-trenar Geir Bakke framleis står med tåspissane på jorda.

KBK jublar

Kristiansund-trenar Geir Bakke kan ta ferie som trenar for eit lag heilt i toppen av 1. divisjon. Dersom Sandefjord ikkje tek tre poeng borte mot Mjøndalen søndag blir KBK liggande på direkte opprykksplass når halvparten av kampane er spelt. Her feirar han 5-1-sigeren saman med KBK-midtstoppar Christophe Psyché.

Foto: Roar Halten / NRK

– Det er bra i periodar. Vi er solide defensivt og laget jobbar steinhardt og held oppe konsentrasjonen, sa ein roleg Bakke etter den femte Kristiansund-sigeren på rad.

Med 5-1 mot HamKam heime på Idrett står KBK med 14-2 i målforskjell på dei fem siste kampane. Sigeren gjorde òg at dei mørkeblå frå Nordmøre i alle fall får to dagar på direkte opprykksplass. Dersom Sandefjord tek tre poeng mot Mjøndalen søndag går dei forbi KBK igjen.

Det nyopprykka laget frå Nordmøre er uansett ein av dei heitaste opprykkskandidatane for tida.

– Dette hadde vi ikkje trudd

Mot HamKam var Jean Alassane tilbake i startoppstillinga. Etter at bortelaget frå Hamar tok leiinga etter 33 minutt, utlikna Mendy like etter. I tillegg scora han både 3-1 og 5-1.

– Det smakar godt med scoringar, gliste angriparen i prat med NRK etter kampen.

Mendy var toppscorar i 2. divisjon, og blei kjøpt frå Elverum i vinter.

– Det blir kanskje andreplass gjennom ferien. Det hadde de ikkje trudd før sesongen?

– Nei, det hadde vi ikkje trudd før sesongen! KBK er ei nyopprykka lag frå 2. divisjon, så dette er moro. Vi seier ikkje nei til andreplass. Men eg synest vi fortener plassen òg, for vi har gjort det bra så langt. Vi har vunne viktige kampar trass i nokre dårlege kampar.

Opprykk?

Så langt har både spelarar og trenar Bakke vore svært så sobre når opprykk til øvste nivå i Noreg kjem opp. Jean Alassane Mendy bryt ut i latter og glis når han får spørsmålet.

– Nei, vi skal ikkje prate om det no ... Vi skal bli betre og sikre plassen heilt først. Så får vi sjå kor det endar, seier den senegalske 23-åringen.

Geir Bakke pratar framleis om å halde plassen, men fem på rad inn i ferien halvspelt er herleg.

– Det blir ikkje mykje betre enn det. Følelsen er kjempegod, og den må vi ta med oss. Det fine no er at det ikkje er så veldig langt opp til grensa der vi er sikra Adeccoliga i 2014.

– Etter det kan vi verkeleg få dyrka spelestil, få fram individuelle ferdigheiter og spele med litt meir risiko. Det ser vi fram til, seier Bakke.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL