Hopp til innhold

Høvla over Fredrikstad med fire bortemål

Fire bortescoringar gjorde at Kristiansund audmjuka Fredrikstad totalt. Dermed klatra KBK forbi Hødd og opp på 3. plass.

Geir Bakke

KBK-trenar Geir Bakke kan feire fire sigrar på rad i 1. divisjon etter bortetriumfen i Fredrikstad.

Foto: Roar Halten / NRK

Liridon Kalludra

Liridon Kalludra har gjort livet surt for Fredrikstad.

Foto: Ohrstrand/Bjerkås / Kristiansund Ballklubb

Dei tre bortepoenga gjer at Kristiansund går frå 23 til 26 poeng, og frå 7. til 3. plass i 1. divisjon. Dei klatra forbi fylkesnabo Hødd på betre målforskjell. I tett ligg Bodø/Glimt med 32 poeng og Sandefjord med 27 poeng.

Kalludra-dobbel

Resultatet til pause er 0-2. Dermed ser eit KBK i flytsona ut til å flyte vidare.

Liridon Kalludra står for begge scoringane, der 0-1 kom etter 35 minutt.

Roger Risholt prøvde skotfoten, men blei blokkert. Returen hamna i føtene til Kalludra som på flott vis skrudde ballen i krysset til KBK-leiing.

Sju minutt seinare, i det 42. minutt, kom 0-2. Mahmoud El Haj fann Kalludra i feltet der sistnemnde heada inn Kristiansund-scoring nummer to.

Trøystemål til inga nytte

Fredrikstad trengde scoring kjapt i andre omgang, men rota seg totalt vekk. I staden kom to nye KBK-scoringar.

Første fekk Mahmoud El Haj servert ballen av FFK-forsvaret, og 0-3 var eit faktum etter 72 minutt. Tre minutt seinare kom 0-4 då Erlend Sivertsen laga 0-4 på ein retur.

Heimelaget frå Østfold reduserte til 1-4 etter 82 minutt, ved Rozhat Shaswari, men til inga nytte. Audmjukinga var total for laget som rykka ned frå Eliteserien i 2012.

Sigeren er den fjerde på rad for Kristiansund.

Kunne klatre inn i toppkampen

Etter mykje bra, litt halvvegs og litt dårleg, har Kristiansund herja i juni. Først blei Kongsvinger slått 1-0 heime . Så blei Strømmen knust 3-0 borte , før Andreas Rødsand sikra 1-0-siger over Ranheim i Kristiansund med eit vakkert brassespark sist runde.

Før sesongen var Fredrikstad borte, på papiret, blant dei tøffaste kampane, men laget frå Østfold har skuffa så langt.

Med 13 spelte kampar ligg Fredrikstad på 9. plass, medan Kristiansund ligg på 7. plass. Poengskilnaden mellom laga er derimot berre eitt poeng. Dermed kan det bli jamt på Fredrikstad stadion.

Kristiansund (4-3-3): Roger Berntzen - Olivier N'Siabamfumu, Christophe Psyché, Dan Peter Ulvestad, Erlend Sivertsen - Liridon Kalludra, Roger Risholt, Andreas Rødsand, Sverre Økland - Mahmoud El Haj, Victor Ashby.

Brassespark i mål

Eit svært vakkert brassespark sikra heimesiger i førre runde for Kristiansund. Andreas Rødsand var mannen bak praktmålet på Idrett.

Foto: Roar Halten / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL