Hopp til innhold

Slik skal KBK bli klare for eliteserien

Kriatiansund vil bli tøffare til debuten i eliteserien i vår og har leigd inn ein av trenarane for brytelandslaget for å køyre spelarane hardt.

KBK på brytetrening

Kristiansund ballklubb rykte opp frå førstedivisjon i 2016 og kan vente langt hardare motstand i 2017.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Nyopprykka Kristiansund gjer seg klare for ein langt tøffare sesong enn den dei hadde i fjor i førstedivisjon. Eliteserien ventar, og for å bli sterke nok til kampane som ventar, skal dei trene på eit litt utradisjonelt vis, for å vere fotballspelarar.

Går nye vegar

To gongar i veka heilt fram mot seriestart har nemleg assisterande landslagstrenar i bryting, Eren Gjægtvik, teke over rolla til KBK-trenar Christian Michelsen.

– Det handlar om å finne nye vegar. Vi må finne vår eigen måte å få konkurransefortrinn på, seier Michelsen.

Kristiansund har hatt eit aktivt brytemiljø i lang tid, og når ein kapasitet som Gjægtvik bur i byen, måtte Michelsen berre spørje han om hjelp.

– Det er idioti å ikkje høyre om det er mogleg å samarbeide, Christian Michelsen.

– Dette lovar bra

Christian Michelsen
Foto: Eirik Haukenes / NRK
Eren Gjægtvig
Foto: Eirik Haukenes / NRK

Eren Gjægtvik takka ja, og sjølv om fotballspelarane ikkje er vande med slik type trening, stiller han strenge krav og køyrer ein tøff stil.

– Dei er ikkje vande med slike typar øvingar, men intensiteten er bra og dei krigar bra, skryt Gjægtvik.

– Det lovar bra, dette!

KBK-trenar Christian Michelsen følgjer mykje av treninga frå sidelinja og er imponert over spelarane sine.

– Det er tøft av gutane å kaste seg ut i det.

Blir du nervøs?

– Neidå, så lenge dei gjer øvingane med rett teknikk, så skal det ein del til for at dei blir skadde.

Slik går det føre seg når KBK-spelarane er på brytetrening:

KBK skal bli tøffere. Det skal landslagstreneren i bryting sørge for.