Hopp til innhold

Siger til Kristiansund BK

Med siger over Hønefoss i søndagens kamp kan Kristiansund BK vere sikra kvalifisering om opprykk til eliteserien. Følg kampen direkte frå klokka 13.00.

KBK - Hønefoss 251015

Kristiansund BK tek imot Hønefoss på heimebane i Kristiansund.

Foto: Roar Halten / NRK

Klokka 13.00 startar den nest siste serierunden i 1. divisjon. Kristiansund BK er nummer tre før helgas runde, og ein heimesiger over Hønefoss betyr at laget frå Kristiansund er sikra kvalifisering om opprykk til eliteserien.

Assistenttrenar i KBK Ole Olsen seier at laget er innstilt på å ta tre poeng på heimebane. Han fortel at målet er kvalikplass.

– Vi er revansjelystne etter tapet mot Sogndal førre helg, og har eit godt håp om å ta tre poeng i dag, seier han.

Laster innhold, vennligst vent..

Vil kjempe om kvalikplassen

– Dei må vinne, og vi vil vinne. Det er eit godt utgangspunkt, seier Olsen.

Ole Olsen

Ole Olsen seier KBK vil kjempe for kvalikplassen.

Foto: Allan Rune Eikrem / NRK

Hønefoss ligg på ein foreløpig siste plass på tabellen etter 28 spelte kampar, men assistenttrenaren er likevel førebudd på å møte eit sterkt lag.

– Vi møter eit lag som er i ein desperat situasjon. Laget har spelt bra i det siste og vi forventar ein sterk motstandar til trass for at dei ligg langt nede på tabellen, seier Olsen.

Til trass for at det nærmar seg slutten av sesongen har KBK framleis mykje å gi, meiner han.

– Vi skal reise kjerringa, og vil gi dei ein tøff kamp. Vi skal kjempe til målet om kvalikplass er nådd, seier Olsen.

Laster innhold, vennligst vent..