NRK Meny
Normal

– Ho er ein eventyrlysten kattunge

Då kattungen Cleo sat fast i eit tre, vart ein brannkonstabel frå Spjelkavik brannstasjon løysinga på problemet.

Brannmann redder katt

Ein brannkonstabel frå Spjelkavik brannstasjon redda kattungen Cleo ned frå eit tre.

Foto: 110-sentralen

– Ho er ein veldig eventyrlysten katt som lett finn på mykje tull, så eg ser ikkje bort frå at ho kjem til å hamne i trøbbel igjen. Men eg håpar at vi slepp å ringe brannvesenet neste gong, seier katteeigar Lisa Kleppe (14) lattermild.

Måndag føremiddag vart ho lykkeleg foreina med den 16 veker gamle kattungen sin etter at han hadde sete fast i eit tre i over eit døgn.

– Eg trur ho var veldig glad for å bli redda. Ho var i alle fall veldig svolten og utruleg kosesjuk, fortel Kleppe.

Sat fast i treet

Det var søndag ettermiddag at Kleppe byrja å lure på kvar den vesle kattungen hadde blitt av.

– Ettersom ho er så liten likar eg å halde eit lite auge med ho. Plutseleg var Cleo ingen stad å sjå, og eg bestemte meg for å gå ut å leite etter ho, seier Kleppe.

Etter ei lita stund høyrde ho mjauing, men såg ikkje kor lyden kjem frå.

– Plutseleg såg eg at ho hadde klatra opp i treet, og eg visste ikkje heilt kva eg skulle gjere. Vi prøvde å lokke ho ned og sette fram mat slik at ho skulle kome, men ho kom seg ikkje ned, fortel Kleppe.

Brannvesenet vart løysinga

Løysinga vart ein brannkonstabel frå Spjelkavik brannstasjon. Etter eit døgn i den høge tretoppen, kunne kattungen Cleo kome heim.

– Du vurderte ikkje sjølv å klatre opp i treet?

– Nei, det var alt for tynne greiner til å kunne klatre opp dit sjølv, seier Kleppe.

Ho er svært takksam for at brannvesenet ville hjelpe ho med å redde katten.

– Eg er utruleg glad for at dei kunne kome å redde Cleo, det var veldig snilt av dei, seier den lukkelege katteeigaren.

– Eg kjem nok til å fortsette å sleppe ho ut, men eg vil nok halde eit ekstra godt auge til ho, held Kleppe fram og ler.