Det er ein varm haustdag i Sula på Sunnmøre og vanlegvis hadde Kathrin Kobbevik sprunge på fjellet i slikt ver. Ho jobbar som folkehelsekoordinator i Ålesund og for mange har ho vore eit symbol på sunnheit. 42-åringen har aldri røykt, ho har ete sunt og trent mykje.
Då Kobbevik ikkje vart kvitt hosten etter ein halsbetennelse i sommar, mistenkte legane først atypisk lungebetennelse, deretter astma. Kobbevik vart berre meir og meir tungpusta etter ferien. Røntgenbileta viste at noko var gale og ei stund trudde legane at det kunne vere tuberkulose eller ein alvorleg lungesjukdom. Kreftdiagnosen kom for to veker sidan.
– Heile verda raste saman. Eg har gjort alt riktig og så skjer dette meg, seier Kobbevik.
Håper på immunterapi
Trebarnsmora, som ser heilt frisk ut, har fått beskjed om at kreften har spreidd seg til levra og kan ikkje kurerast. Ho veit ikkje kor lenge ho kan leve med sjukdomen. Behandlinga no er cellegift, men det aller største håpet til Kobbevik er at ho og andre med same sjukdom skal få ta i bruk immunterapi. Den behandlinga skal stimulere hennar eige immunforsvar til å ta livet av kreftcellene.
Det er Beslutningsforum for nye metodar som vurderer kva nye medisinar norske sjukehus skal kjøpe inn. Dei skal avgjere skjebnen til sunnmørskvinna og andre med same sjukdom på måndag.
– Det er snakk om tre barn som skal miste mora si. Alle år eg kan få ekstra er gull verdt, seier Kobbevik.
Steinar Lied og Kathrin Kobbevik brukar mest mogleg tid saman. Ekteparet har tre små barn.
Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRKVert seint oppdaga
Lungekreft er den vanlegaste dødsårsaka blant alle kreftformer. Sigbjørn Smeland er professor ved UiO og overlege ved Oslo Universitetssjukehus. Han seier at kreften ofte ikkje vert oppdaga før svulstane på lungene har blitt store og har spreidd seg.
– Dersom ein kan fjerne svulsten før den har spreidd seg, er sjansen for å overleve 50 prosent, seier Smeland. Han seier at det finst ingen gode behandlingstilbod dersom kreften har spreidd seg. Immunterapi er eit steg på vegen, men er ingen mirakelkur.
– Effekten er i snitt to månader i auka overleving. Det er mogleg at ein liten del av pasientane kan overleve lenge når dei får immunterapi, seier Smeland.
Professor og klinikksjef, Sigbjørn Smeland, seier at immunterapi er eit steg på vegen i kreftbehandlinga.
Foto: Falch, Knut / NTB scanpixDyr medisin
I Noreg er rundt 700 lungekreftpasientar aktuelle for behandlinga. Dilemmaet er at immunterapi kostar mykje. Det er tøffe dagar for Kathrin Kobbevik, som ventar spent på avgjerda måndag. Ho har forsona seg med at ho ikkje blir gamal, men ynskjer å leve så lenge at yngstedottera på fire år skal huske henne.
– Eg håper inderleg at det ikkje er økonomien som stoppar det, seier Kobbevik.