Hopp til innhold

Katastrofevinter for skianlegga

Plussgrader og lite kvitt har gjort det vanskeleg for skianlegga i fylket å halde opne løyper. Slikt blir det raude strekar i rekneskapen av.

Skaret

Slik såg det ut på Skaret skistadion den 3. januar. Dei har hatt ein uvanleg vinter, og styreleiaren håper på andre bollar til neste sesong.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Skia har blitt mindre brukt enn vanleg denne vinteren. Temperaturane har stort sett lagt på plussida og nedbøren har vore laber. Skisentera er naturlegvis avhengige av vinteren – og mange meiner at sesongen har vore katastrofal.

NRK har snakka med skisentera i Møre og Romsdal, og fleire av dei har vore stengde heile vinteren. Mange jubla over snøfall i midten av mars, men den gleda var heller kortvarig.

Rauma skisenter

Rauma skisenter er blant mange som har slite med lite snø denne vinteren.

Foto: Rauma skisenter
– Ikkje opplevd liknande

Skaret skisenter molde

Det er rimeleg snøfritt på Skaret skisenter etter påska.

Foto: Skaret skisenter
Ørskog skisenter

Det har sett slik ut på Ørskogfjellet litt for ofte denne vinteren.

Foto: Ørskog skisenter
Driftsleder Stian Græsdal ved Stranda skisenter

Driftsleiar ved Stranda skisenter, Stian Græsdal.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

Rauma skisenter klarte å få opna bakken to dagar i midten av mars. Styreleiar Karsten Aak seier at dei aldri har hatt så lav omsetning som i år.

– Det har vore ein katastrofesesong. Vi toler ikkje fleire slike sesongar etter kvarandre, men vi skal klare å kome oss ut av denne knipa slik at vi kan halde opent neste år, seier Aak som drøymer om å investere i snøkanonar i framtida.

Avhengig av snøanlegg

Rauma skisenter er ein av få som enno ikkje har snøkanonar. Sigmund Julshamn, styreleiar ved Skaret skisenter i Molde, seier at snøkanonane deira har berga sesongen.

– Snøanlegget har gjort det mogeleg for oss å halde opne skiløyper for både større renn og andre som er glad i langrennsskia. Men vi har absolutt hatt ein snøfattig sesong som nesten øydelagde for NM i Molde, seier styreleiaren.

Skaret skisenter SA har vore i økonomisk uføre denne vinteren. No opplyser styreleiaren at dei er i full gang med å betale ut kreditorane sine med tilskot frå fylkeskommunen og lån.

Farleg smell

Ørskogfjellet skisenter ser ut til å ha gått på ein farleg smell denne vinteren. Med 1,5 millionar kroner i underskot går dei ei usikker tid i møte. Dagleg leiar, Odd Skjegstad, trur at førre gong dei hadde så lite snø var på 80-talet.

– I starten av mai skal framtida til skisenteret opp til diskusjon i kommunestyret, og eg håper at dei vil halde fram med finansieringa. Eg kryssar fingrane for at det blir lenge til neste milde vinter, seier Skjegstad.

Opptur på Strandafjellet

Blant mange triste skjebnar finn vi ei solskinshistorie. Stranda skisenter har hatt opne bakkar kvar dag sidan 10. januar og avsluttar sesongen komande søndag. Dei har heller ikkje hatt ein topp sesong, men ingen andre har klart å halde opent så lenge.

– Vi fekk ikkje opna i det heile før 10. januar, men trass i den seine påska så har vi klart å halde opent fram til no. Men ein ting er sikkert, vi hadde aldri klart oss utan kunstsnøen, seier Stian Græsdal, driftsleiar ved skisenteret.

Han fortel om store økonomiske forskjellar samanlikna med tidlegare år. Vanlegvis klarer dei å halde opne skitrekk på begge sidene av dalen, men i år har dei ikkje klart å opne Roalden fordi snøanlegget på den sida ikkje er godt nok. Men det at skianlegget er plassert høgare enn andre har også fungert til deira fordel.

Stranda skisenter

Snøen som lava ned i midten av mars kom godt med for Stranda skisenter. Men det var snøkanonene som redda vintersesongen for skikøyrarane.

Foto: Stranda skisenter