NRK Meny
Normal

Kastar i naturen, kostar ein hundrelapp å levere

Fleire personar reagerer sterkt på at det er kasta ein stor skjenk utfor vegen ved fylkesvegen forbi Alida i Volda. Truleg hadde det kosta ein god hundrelapp å levere til renovasjonsanlegget nokre få kilometer unna.

Dumpar avfall i Alida i Volda.

Her ved fylkesvegen ved Alida kastar dei søppel rett i naturen. Foto/redigering: ARNE FLATIN

Grunneigar Trond Eikrem er oppgitt. Det er ikkje første gong han må rydde opp i området

Trond Eikrem, grunneigar

Trond Eikrem, grunneigar.

Foto: Arne Flatin / NRK

etter at folk har kasta avfall rett utfor vegen. Denne gongen er det ein stor skjenk, der glasdørene er knuste. Eikrem tenker også på dyra som er i området, hjort blant anna. Han vil også denne gongen måtte ta jobben med å fjerne rusket.

I området som ligg avsides til er det tett skog nedom vegen, og nokon ser tydlegvis sitt snitt til å bruke dette som sin private avfallsplass.

100-lapp

Petter Bjørdal, dagleg leiar i VØR

Petter Bjørdal, dagleg leiar i VØR.

Foto: Arne Flatin / NRK

Ikkje langt unna, i Hovdebygda, ligg anlegget til VØR, Volda og Ørsta reinhaldsverk. Petter Bjørdal er dagleg leiar der. Han seier at når folk kjøper ein skjenk til 10-15 000 kroner bør dei ta seg råd til å betale vel 100 kroner for å levere den same skjenken til attvinning.

Han legg også vekt på at avfall er ei viktig råvare i framtida. Dersom ting vert dumpa eller brent vert det ikkje ei råvare som kan brukast til å skape andre og nye produkt.

Dei høyrer framleis om episodar som dette, men trur likevel at folk har vorte flinkare med åra. Brenning av avfall har vore eit stort problem, men det verkar som at dette er noko kommunane har teke meir og meir tak i og sørgar for at folk held seg til regeleverket.

Trond Eikrem synest det er håplaust at folk dumpar både det eine og det andre på eigedomen hans. Han har store problem med å forstå tankegangen. Ikkje kostar det stort å levere, og faren for å verte tatt på fersk gjerning er realtivt stor i eit område der det trass alt er ein del trafikk. Fleire meiner at eit så kalla viltkamera i området kanskje ville ha ein preventiv verknad.

Dumpa avfall i Alida

Dumpa skjenk i Alida

Foto: Arne Flatin / NRK

Politiadvokat Arnt-Erik Oust ved Sunnmøre politidstrikt seier til NRK at på generelt grunnlag vil det vere viktig å reagere strengt i slike saker. Utan å gå i detalj vil han seie at det vil dreie seg om mange tusen kroner i bøter. Lensmann Guttorm Hagen i Ørsta og Volda seier dei vil ha tips om slike forhold, og at folk må melde frå dersom dei ser nokon dumpe avfall ulovleg.