Ned 30 prosent
Skogplantinga i fylket går dramatisk tilbake. Fylkeskogsjef Harald Nymoen i Møre og Romsdal registrerer ei dyster utvikling. Han seier det er dramatisk, når skogeigarane i Møre og Romsdal berre plantar ut 30 prosent av det som var vanleg for eit par år sidan.
Fylkesskogsjef Harald Nymoen
For eit og eit halvt år sidan vart statstilskotet for utplanting fjerna. Det har ført til at utplantinga nesten har stogga heilt opp.
Liggande brakk
- Det som er faretruande er at hogsten held fram i same tempo som før, seier Nymoen. Når det no nesten ikkje blir planta særleg meir skog, betyr det at store område blir liggande brakk, seier han. Han er særleg uroa om skogeigarane let vere å plante skog i fleire år framover.
Nedgang
Planteskulen på Megarden sel utplantingsklare plantar. Dei merkar godt at det blir planta berre ein tredel samanlikna med før. Jørn Kjersheim ved planteskulen fortel at det er berre ein ting å gjere med dei plantane dei ikkje får selt.
Kompost
- Desse plantane hamnar i kompostbingen seier Kjersheim. Planteskulen kan ikkje ha plantane liggande lenge etter at vekstsesongen har starta. I år blir det kasta nokre hundre tusen plantar, seier han. Han har ikkje rekna på kor store verdiar det er snakk om. Men kvar plante er verdt eit par kroner, og når fleire hundre tusen plantar skal kastast, seier det seg sjølv at det er store summar som går tapt.