NRK Meny

Kasta varm stearin på sambuar

Ein 65-åring frå Sunnmøre er dømt for mellom anna å ha kasta varm stearin på den dåverande sambuaren sin. Ifølge tingretten var mannen fleire gongar valdeleg mot kvinna, og trua henne. Han skar henne mellom anna på ryggen med øydelagte cd-plater. No må den tidlegare ustraffa mannen sone 13 månader i fengsel og betale 100 000 kroner i erstatning.