Hopp til innhold

Kasta ut av Senterpartiet utan å få vite kvifor: – Eit justismord

Geir Nordli er ekskludert frå Senterpartiet, men får ikkje vite kvifor. – Eg er dømd utan forsvar, seier Nordli. Senterpartiet seier dei må ta omsyn til varslarane.

Geir Nordli

VANN IKKJE FRAM: Geir Nordli vart først ekskludert av Senterpartiet i Møre og Romsdal 9. september. Deretter anka han avgjerda. Sentralstyret i partiet bestemte seg derimot for å halde oppe ekskluderinga.

Foto: Anne-Mari Flatset / NRK

Kristiansund-politikaren Geir Nordli er sjokkert etter at han fekk den endelege beskjeden om at han er ekskludert frå Senterpartiet.

– Eg har ikkje fått innsyn i saka, så eg veit ikkje kvifor eg er ekskludert. Ingen har ringt meg undervegs i prosessen. Eg veit rett og slett ingenting. Dette liknar eit justismord, seier Geir Nordli NRK.

Kasta anken

Nordmøringen vart landskjend då han i september vart ekskludert frå Senterpartiet berre halvanna år etter at han måtte slutte i Framstegspartiet, den gongen av politiske grunnar.

Men sidan Nordli anka og sentralstyret trong tid på å behandle anken, tok det nesten to månader før Kristiansund-politikaren vart endeleg ekskludert.

Beskjeden om at Nordli vart ekskludert kom via advokaten Erik Wold 2. november.

I vedtaket signert generalsekretær Knut M. Olsen står det:

Sentralstyret i Senterpartiet behandlet klagen i går og fattet følgende vedtak: «Anken tas ikke til følge. Møre og Romsdal Senterparti sitt vedtak om eksklusjon opprettholdes.» Vi forutsetter at dere informerer Geir Nordli siden anken er framsatt gjennom dere.

Til NRK seier Olsen at Nordli bør vere godt nok informert om grunnen til ekskluderinga.

– Geir Nordli vart informert skriftleg om vedtaket i fylkesstyret og grunnlaget for fylkesstyrets eksklusjon, i tillegg til anna saksgang, seier Olsen.

Og legg til at då Nordli anka ekskluderinga skreiv han «en utførlig redegjørelse for sine synspunkt».

Generalsekretær i Senterpartiet Knut M. Olsen sitter i radiostudio i Politisk kvarter

MEINER NORDLI ER ORIENTERT: Sentralstyret i Senterpartiet stiller seg bak fylkesstyret si ekskludering av Geir Nordli. Generalsekretær Knut M. Olsen meiner både at Nordli fekk vite kvifor då fylkesstyret kom med sitt vedtak – og at Nordli har fått høve til å svare for seg.

Foto: NRK

– Dømd utan forsvar

Men etter vedtaket 9. september har ingen i fylkesstyret eller sentralstyret tatt kontakt med Nordli, noko heller ikkje Senterpartiet tilbakeviser.

– Ingen møte. Ingen mailar. Eg er dømd utan forsvar, fortvilar Geir Nordli.

I ein e-post NRK har fått tilgang til skriv Nordli sin advokat Erik Wold: «Etter mitt syn er ikke dette juridisk holdbart, både hva gjeld nektelse av innsyn og eksklusjon på dette grunnlag.»

Då Møre og Romsdal Senterparti offentleggjorde at dei hadde ekskludert Nordli 9. september skreiv dei følgjande i ei pressemelding:

«Fylkesstyret i Møre og Romsdal Senterparti hadde styremøte fredag kveld. Fylkesstyret gjorde vedtak om å ekskludere et medlem i partiet på bakgrunn av varsel om trakassering. Medlemmet har fått skriftlig varsel om vedtaket.»

Innlegget var signert fylkesleiar Tove Henøen.

– Må beskytte varslarane

Til NRK seier Geir Nordli at han ikkje veit kven han eventuelt skal ha trakassert og korleis.

– Eg veit heilt sikkert at eg ikkje har trakassert nokon. Og eg har ikkje fått vite korleis eg eventuelt når eg skal ha gjort det, seier Nordli.

Som tidlegare har lurt på om grunnen til ekskluderinga kan vere at han stilte spørsmålsteikn ved om Senterpartiet i Kristiansund burde ha ein ufør ordførarkandidat. Men det har ingen så langt bekrefta.

Ifølgje Tove Henøen kan ikkje Nordli få innsyn i varsla fylkesstyret fekk.

– Geir Nordli har bede om å få innsyn i varsla. Men det kan vi ikkje gi. Vi må beskytte varslarane, seier Henøen til NRK.

PS. Geir Nordli blir den fjerde medlemmen på 25 år som blir ekskludert frå Senterpartiet, ifølgje Knut M. Olsen.

Tove Henøen

EKSKLUDERTE NORDLI: Det var Senterpartiet i Møre og Romsdal som først ekskluderte Geir Nordli. Fylkesleiaren seier at dei står inne for vedtaket, som seinare vart støtta av sentralstyret i Senterpartiet.

Foto: Gunnar Sandvik/NRK