Hopp til innhold

Kasta ut av både fly og hotell

To reisande fekk ikkje vere med eit fly frå Ålesund lufthamn Vigra, og blei i staden henta av politiet. Dette var ikkje deira kveld, for seinare laga dei bråk på eit hotell i sentrum, og då blei dei putta i arresten.

Politiuniform

Politiet måtte i aksjon rundt om i fylket denne natta også.

Foto: Arne Sandvik/NRK

Ampert var det også på ein utestad i Kristiansund. Då staden skulle stenge var ein mann og ei kvinne svært misfornøgde med at dei ikkje fekk ete opp maten sin inne.

Gjekk feil

Under stikkordet alternativ overnatting kjem denne gongen ein kar på Tustna. Der fekk politiet melding om uvedkomande i ein bil. Då politiet kom til staden fann dei ein rusa mann sovande i baksetet. Han hadde tatt ein pause frå ein fest i nabohuset.

I Sunndal hadde ein mann avslutta festen, men då han banka på inngangsdøra i 04-tida var det ingen som ville sleppe han inn. Det viste seg at han hadde tatt feil og gått til feil hus. Han fekk hjelp av politiet til å finne rett adresse.

I trafikken

Ein drosje blei påkøyrt bakfrå av ein annan bil i Frænavegen i Molde. Vedkomande som køyrde på drosjebilen valgde å køyre vidare utan å stoppe for å gjere opp for seg. Det blei berre mindre skadar på taxien.

Utan førarkort og med falske kjennemerke var konklusjonen då ein mann i midten av 20-åra blei stoppa i Rauma i natt. Han blir meldt for forholdet.

Siste ord er nok heller ikkje sagt for ein bilførar i 20-åra som blei stoppa på Sunndalsøra. Vedkomande vedgjekk at han hadde røykt hasjis. Han blei fråtatt førarkortet og blodprøve blei tatt.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL