Kasta is i bensinstasjon

I 03.30-tida i natt var det ordensuro ved ein bensinstasjon i Molde sentrum. Fem-seks ungdommar hadde kasta is rundt i butikklokalet. Ungdomane i tenåra måtte gjere opp for isen, og alle blei bortviste frå staden resten av natta.