Kommunane Norddal og Stranda har fått avslag på 350 000 kroner til rassikringstiltak frå Naturskadefondet, men ordføraren i Stranda trur Staten kjem til å betale.
Og prosjektleiar Lars Harald Blikra i Norges Geologiske Undersøkinger seier at sidan ordføraren i Stranda går god for at pengane er der, held arbeidet med Åkernesremna fram.
Lars Harald Blikra, prosjektleiar, NGU.
Blikra seier dei vil prøve å kome med detaljar i løpet av hausten.
- Frustrerande
Frank Sve, ordførar i Stranda.
Ordføraren i Stranda, Frank Sve, har hatt eit hektisk døgn etter at han fekk vite at Naturskadefondet ikkje vil betale 350.000 kroner for å kartlegge rasfaren i Åkernesremna i Stranda og i Tafjord i Norddal.
Men Sve kjenner seg trygg på at desse pengane kjem slik at arbeidet med å kartlegge Åkernesremna kan halde fram.
Sve og ordførarkollegaen i Norddal er blitt kasteballar i kampen for å få pengar til rassikring. Og det er ei frustrerande oppleving. - Dette beviser at ansvaret bør, skal og må ligge hos Staten og Regjeringa i framtida, seier Sve.