NRK Meny
Normal

Karstens råd til Elias: – Ta med deg skulebøkene

Friidrettsesset Karsten Warholm var i dag tilbake på gamleskulen sin i Ulsteinvik. Fotballtalentet Elias Martin Flø fekk beskjed om å alltid ta med bøkene på landslagssamling.

Elias Martin Flø og Karsten Warholm

Elias Martin Flø og Karsten Warholm snakka om lekser og skule i dag.

Foto: Arne Flatin / NRK

OL-kommentatorane tok til tårene då Karsten Warholm knuste nesten heile verdseliten i kvalifiseringsheatet på 400 meter hekk i Rio og sette ny norsk rekord. Sjølv om 20-åringen ikkje kvalifiserte seg til OL-finalen, kunne han vere stolt av prestasjonen i Rio.

Måndag var supertalentet på besøk hos idrettsklassa på Ulsteinvik vidaregåande skule, der han sjølv gjekk på skule for ikkje lenge sidan. Han delte erfaringane sine med å kombinere toppidrett med skulearbeid.

– Eg ser at dei som har valt vekk det å prestere på skulen, slit med det no, seier Warholm.

Hoppa over leksene

Han innrømmer at han har hoppa over leksene mange gongar. Tikjemparen veit at det er umogleg å prestere like godt på skulen heile tida når ein skal kombinere det med idrett. Sjølv har Karsten alltid hatt med bøkene, sjølv om han ikkje alltid tar dei opp.

– Det å ha samvit er viktig, seier Warholm, som hadde mange reisedøgn då han gjekk på skulen.

Karsten Warholm besøkte Ulstein vgs

Karsten Warholm besøkte måndag elevane på idrettslinja på Ulstein vidaregåande skule.

Foto: Arne Flatin / NRK

Fotballtalent har med bøkene

Blant elevane er ein 16-åring som spelar på landslaget i fotball. Elias Martin Flø skal straks ut på ein ny samling.

– Mitt gode tips er å halde seg à jour så mykje du kan og vere målbevisst, seier Karsten til fotballtalentet.

Flø har med seg skulebøkene på samling, og han får faktisk også brukt dei.

– Vi har mykje dødtid mellom kampane, seier Flø.

– Det er lett å ta med seg boka, men vanskelegare å bruke den, ler Warholm.